Hopp til innhold

Hugsar du denne kjempescoringa?

Kjempescoringa til Frank Øyre på Fosshaugane i 1996 er av mange trekt fram som ein tøff konkurrent til Kristian Fardal Opseth og tittelen «tidenes fulltreffar».

Frank Øyre sitt mål for Sogndal mot Aalesund i 1996 er eitt av av dei finaste som er scora på Fosshaugane.

HEILT RÅTT 1: Frank Øyre ladar slegga og fyrer ballen i mål frå langt hald heime mot Aalesund i 1996. Sogndal vann takka vere scoringa 3–2. Foto: NRK

Det spektakulære målet til Kristian Fardal Opseth har gått sin sigersgang på nettet, etter at Sogndal-spissen fekk fullklaff frå eigen banehalvdel mot Hønefoss på søndag.

– I mine auge er dette eit av dei mest spektakulære måla i Sogndal si lange historie, sa fotballekspert Jon Navarsete til NRK.

Men det er fleire mål av det spektakulære slaget i Sogndal si lange fotballhistorie. Debatten har gått mellom fotballsupporterane sidan søndag, og mange trekkjer fram Frank Øyre sin fulltreffar mot Aalesund på Fosshaugane i 1996.

– Eg fekk bakken midt på eigen banehalvdel og forserte framover. Eg såg at keeperen var langt ute. Då tenkte eg at det var berre å dælje til, sa Øyre til NRK etter kampen.

NRK har plukka fram det 19 år gamle klippet. No kan du sjølv samanlikne dei to måla. Kva er eigentleg det beste målet?

Kristian Fardal Opseth skårar frå 60 meter hald i kampen mot Hønefoss

HEILT RÅTT 2: Kristian Fardal Opseth dunka til frå nær 60 meter og avgjorde kampen mot Hønefoss søndag. Foto: TV2

NB: På sosiale medium blir scoringar som Svein Bakke sitt mål mot Start i kvartfinalen i cupen i 1976, Rune Bolseth sitt skot mot Tønsberg i 2008 og Anders Stadheim si scoring mot Rosenborg 2001 også trekte fram som godbitar på Fosshaugane.