Hopp til innhold

Høyr Klara (95) fortelje om krigsåra

Klara Nybø (95) frå Værlandet rømde til England saman med kjærasten Per, for å gjere ein krigsinnsats for Norge. No fortel ho historia om guiding i eit bomba London, slottet i Skottland, møtet med to norske kongar og ein fredsdag prega av svært blanda kjensler.

Klara Nybø

GUIDE: Klara Nybø vart, med svært avgrensa engelskkunnskapar, guide i eit London som var bomba til ruinar, før turen gjekk vidare til Skottland.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi tenkte aldri at vi skulle oppleve å kome heim att levande. I den tida levde du frå time til time, kanskje. Men det var so for alle, vi vart vande med det.

Ho tek i mot NRK i det herskapelege huset på Værlandet. Då krigen braut ut var ho i Trøndelag på lærarskule. For å kome seg heim til Sogn og Fjordane, la ho ut på ein spektakulær sykkeltur.

Vel over i England var spørsmålet «kva no?».

– Eg kunne litt engelsk. Littegrann! So kunne dei bruke meg til å vere guide for norske flyktningar som kom over. Kan du tenkje deg? Kan du tenkje det noko slik, altså!?

Klara Nybø

PAPIRA I ORDEN: Det var viktig for å kunne sette nordmenn i sving med det dei kunne.

Foto: Harald Kolset / NRK

Turen gjekk vidare til eit slott i Skottland, eit slott som vart svært spesielt for Klara Nybø av fleire grunnar.

– Det var interessant. Eg fekk vere med på mykje interessant.

Etter krigen busette Klara Nybø og mannen Per seg på Værlandet, der ho var lærar resten av yrkeskarrieren. Som engasjert medlem i lokalsamfunnet fekk ho også eit nært møte med Kong Olav.

Men då fredsdagen kom, var Nybø framleis på slottet i Skottland. Høyr ho fortelje om fredsbodskapen, og kvifor den store dagen, for Klara Nybø, også vart ein svært tung dag, etter ein beskjed frå den engelske kanal.

Klara Nybø
Foto: Harald Kolseth / NRK