Hopp til innhold

- Nesten for godt til å vere sant

Optimismen rådar no i norsk industri. Høyanger i Sogn og Fjordane er blant industribygdene der innbyggjarane no ser lysare på framtida.

Video Ny optimisme i Høyanger

NY FRAMTID: Folk i Høyanger ser lysare på framtida.

For etter ein lang periode med stor arbeidsløyse er det no så mange nyetableringar at den vesle kommunen truleg ikkje har nok folk.

Torsdag var det kjent at Nordic Power Systems skal byggje ny fabrikk i kommunen. Det er ein av fleire ting som gjer at folk i bygda er optimistiske.

- Det er nesten for godt til å vere sant, seier Kent Jansson.

- Det har vore mange lange dagar

Kent Jansson

SER FRAMOVER: Kent Jansson ser lysare på framtida i Høyanger.

Foto: Simon Solheim / NRK

Jansson er ein av mange i Høyanger som har fått merke finanskrisa på kroppen. Den tradisjonsrike industristaden i Sogn har vore gjennom fleire tunge år der arbeidsløysa har vore høg.

Sjølv har industriarbeidaren gått utan arbeid sidan Fundo-konkursen.

- Det har blitt lange dagar og mange jobbsøknadar der eg har fått nei, seier Jansson til NRK.no.

Det starta i 2006...

Fundo Wheels i Høyanger

NEDLAGT: I 2009 mista 350 personar jobben då felgfabrikken Fundo vart nedlagt.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det var i 2006 at nedturen for Høyanger for alvor starta. Då førte strenge miljøkrav til at C-hallen på metallverket vart stengt og 70 personar mista arbeidsplassen sin.

I 2009 toppa det seg då felgfabrikken Fundo måtte stengje dørene etter fleire tøffe år. Her mista 350 personar arbeidet.

Ser lysare på framtida

Men no er optimismen tilbake. Frå før er det kjent at franske Saint Jean Industries vil starte opp at med felgproduksjon i Høyanger, då i mindre skala enn det var under Fundo.

Torsdag kom nyhenda om at Nordic Power System byggjer fabrikk i kommunen.

Anne Breidablik

OPTIMIST: Anne Breidablik i NAV Høyanger

Foto: Simon Solheim / NRK

Selskapet har som mål å produsere dieseldrivne brenselsceller til køyrety, i tillegg til ei innretning som skal kunne reinse dei såkalla nox-avgassane frå skip.

Får selskapet det som dei vil kan dette gje over 80 arbeidsplassar om fire år.

- Vi må vel berre seie hurra, seier Anne Breidablik som er prosjektleiar i Nav Høyanger.

Kan no få for lite arbeidskraft

Dagens nyhende om endå ein ny fabrikk er svært godt nytt for folk i kommunen.

- Vi har lenge kjent til planane, men når det no vert skrive kontrakt og ting vert meir konkret er det veldig kjekt, seier Breidablik.

Lenge har arbeidsløysa i kommunen vore svært høg, men med fleire nye arbeidsplassar kan dette fort snu.

- Vi kan gå frå å ha 80 personar heilt utan jobb, til å plutseleg kome i ein situasjon der vi har mangel på arbeidskrav, seier Breidablik.

Også Jansson ser lysare på framtida.

- Dette har vi venta på lenge. Vi får berre håpe dei nye selskapa gir jobb til oss som allereie bur her.