Hopp til innhold

Målfest då Høyang slo Sogndal 2

Kaptein Thomas Frichsen scora tre av måla då Høyang igjen fann tilbake til vinnarsporet med braksiger over Sogndal 2.

Høyangerspelarane Morten Kåre Øen Eriksen og Thomas Frichsen.

MÅLSCORARAR: Morten Kåre Eriksen (1 mål) og Thomas Frichsen (3 mål) scora saman med Rune Førde Høyang sine mål då Sogndal 2 vart sendt til botnen av 3. divisjonstabellen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tommy Øren

MÅLLAUS: Tommy Øren var som vanleg farleg på frispark, men 1. divisjonsspelaren gjekk mållaus av bana på Sletta i Høyanger.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette var eit sørgjeleg Sogndal-lag. Høyang har vore frykteleg dårlege i år, men viss dette er Sogndal sine nest beste menn, lovar det dårleg.

Det seier Svein Rune Moi, Høyang sin faste speaker på Sletta stadion.

Starta målfesten med straffe

Veteranen er rysta over prestasjonane til Sogndal 2 som mellom anna stilte med Tommy Øren og Ulrik Flo frå førstelaget.

Den som på sett og vis starta festen på Sletta tysdag kveld, var mannen som vart syndebukk då Høyang tapte 7-2 med 10 mann mot Stryn tidlegare denne månaden. Morten Kåre Eriksen var tilbake i startellevaren etter å ha sona karantene i førre kamp.

Etter drygt 11 minutt spel vart Eriksen felt av Sogndal sin amerikanske sisteskanse, Joe Bendik. Dommaren peika på straffemerket, og lagets eldstemann, Thomas Frichsen (34) sette ballen sikkert i mål langs bakken.

Bendik fekk si andre straffe mot seg

Etter straffen låg vegen open for raudtrøyene som til liks med ein noko større raudkledd klubb litt lenger sør på Vestlandet, har slite med å ta poeng i årets serie.

Leigesoldat og fotballnomade, jølstringen Rune Førde, ordna 2-0 få minutt etter straffa. I andre omgang heldt Thomas Frischen fram scoringsballet. Først med 3-0, så 4-0. Mannen som ordna straffa som starta det heile, Morten Kåre Eriksen, fekk æra av å fastsette sluttresultatet til 5-0 på straffe på overtid.

– Då felte Bendik i Sogndal-målet sin andre mann for kvelden, denne gongen Thomas Frischsen, rapporterer speaker Moi.

Dommar Rune Haugland frå Haugen IL belønna Bendik med gult kort. Og Sogndal-keeperen var på langt nær den einaste som fekk sjå dommaren hente kort frå brystlomma.

Seks gule kort

– Olav Fretland på Sogndal fekk også gult kort. Og sjølvsagt heldt Høyang fram med å sanke kort. I dag fekk Rune Førde, Kristoffer Kalstad, Robert Alrek, og Robin Frichsen gulekort, sukkar Moi.

Høyangeringane som i fjor gjekk ut i lokalavisa og lova bot og betring og skulle bli fylkets beste fairplay-lag, måtte også mot Sogndal 2 klare seg utan ein nøkkelspelar grunna karantene. Midtbanekjempa Edin Agovic sona for sitt raude kort mot Dale sist helg.

Sogndal ligg sist på tabellen

Svein Rune Moi håpar storsigeren mot er eit taktskifte for klubben som før kampen låg sist på tabellen i 3. divisjon.

– Held vi fram slik, kan Høyang vere i ferd med å snu trenden. Men då må vi slutte å få kort, slik at vi kan stille fullt lag, seier speakeren som er skuffa over 63 betalande tilskodarar.

Etter kampen klatra Høyang til niandeplass, mens Sogndal sine nest beste menn overtok jumboplassen.

– Vi trengte å få sjølvtillit

– Det var artig i dag. Vi trengte å få ein siger og få sjølvtilliten attende i laget. Eg tykkjer vi spelte bra. Ein ekte lagsiger, seier Morten Kåre Eriksen etter kampen.

Han let seg heller ikkje imponere av motstanden i motsett ende av bana.

– Sogndal var dårlege i dag, seier Høyang-angriparen.

Det har ikkje lykkast NRK å få kommentar frå Sogndal 2-trenar Sebastian Kaldestad tysdag kveld.

Slik kom måla:

  • 1-0: Thomas Frichsen (straffe), 11 minutt
  • 2-0: Rune Førde, 17 minutt
  • 3-0: Thomas Frichsen. 51 minutt
  • 4-0: Thomas Frichsen, 77 minutt
  • 5-0: Morten Kåre Øen Eriksen (straffe) 90 minutt

Resultat frå dei andre kampane i den sjette runden:

Laurdag 22. mai:

  • Eid - Dale: 3-2
  • Florø - Vik: 2-4
  • Sandane - Stryn: 3-3
  • Tornado Måløy - Årdal: 4-0

Fredag 21. mai:

  • Fjøra - Jølster: 2-0