Hopp til innhold

Riksveg fem mellom Førde og Naustdal stengd etter steinras

SKREDVIKA (NRK): Riksveg fem mellom Førde og Naustdal er no opna for trafikk med manuell dirigering etter å ha vore stengd etter eit steinras onsdag kveld.

Ras på riksveg fem mellom Førde og Naustdal
Foto: Alf Vidar Snæland

Oppdatert kl 13: Riksveg 5 mellom Førde og Naustdal blir stengt medan klatregruppa frå vegvesenet skal reinske fjellsida etter raset onsdag kveld. Det blir opne for gjennomkøyring kvar heile time, og det blir opna for rutegåande trafikk. Det er førebels uvisst kor lang tid dette arbeidet tek.

Litt før klokka 22 onsdag kveld rasa ei stor stein rasa ned frå fjellsida, trefte vegbana og rasa vidare ut i fjorden litt før. Raset har gått om lag to kilometer frå Naustdalsneset. Forbipasserande ringde politiet, som varsla Statens vegvesen.

– Det vi veit så langt er at det er snakk om ein stor stein som har rasa ut, vi kan førebels ikkje seie noko om kor store skadar steinen har gjort på vegbana, seier Hanne Norheim ved Vegtrafikksentralen, når NRK snakkar med ho klokka 06.20 torsdag morgon.

Klokka 09.00 melde politiet på Twitter at vegen er opna for manuell dirigering.

Laster Twitter-innhold

– Vi skal ha ut folk på bevaring når det no lysnar av dag. Då kjem det også ein geolog til staden. Då blir det gjort ei vurdering på skadar og rasfaren i området, seier Norheim.

steinras

RAS PÅ RV 5: Raset skjedde om lag to kilometer aust for Naustdalsneset.

Foto: NRK-tipsar

Kø på morgonkvisten

Riksveg fem mellom Førde og Naustdal er ein svært trafikkert veg som blir brukt av pendlarar mellom Førde og Florø.

– Valet no er mellom ei lang omkøyring via Hyen eller å vente her til det opnar seier Anders Lomheim, som skulle til Florø på jobb.

– Kva tenker du å gjere?

– Eg er litt usikker, men det blir el å vente, tenker eg, seier Lomheim.

Stein trefte riksveg 5. Foto: Alf Vidar Snæland

STEINRAS: Sjå video frå rasstaden. Foto: Alf Vidar Snæland

Torsdag morgon samla det seg raskt kø av pendlar, som skulle vore forbi rasstaden. Den kortaste omkøyringsvegen via ein privatveg over Hesjedalen er også stengd, Dermed står pendlarane igjen med den lange omkøyringa vi fylkesveg 615 via Hyen til Sandane og inn på E39 som er omkøyringsveg.

– Det vil nok går nokre timar før vegen kan opnast igjen. Det skal som sagt gjerast vurderingar av skadane. Vi reknar med å ha meir informasjon til klokka 10, seier Norheim.

Klokka 11.15 torsdag opplyser geolog Jens Tveit at ei klatregruppe er kjem til rasområdet på riksveg fem mellom Førde og Naustdal klokka 12.

– Då blir det litt rigging, før ein går i gang med reinsking av fjellsida over rasstaden, seier geolog Jens Tveit. I samband med reinskearbeidet blir vegen stengd.

Ingen bilar skal ha blitt råka av raset på riksveg fem.

Riksveg fem stengd

STENGD VEG: Mannskap frå Mesta gjer vurderingar av når riksveg fem kan opnast igjen.

Foto: Stein Aase / NRK
Naustdalsvegen