Hopp til innhold

Hotellet var utan telefon i 12 dagar – skuffa over Telenor si handtering

Eikum Hotell på Hafslo mista fasttelefonen og faksen i slutten av juli. Først etter 12 dagar kom linjene endeleg tilbake. Skuffande handtering av Telenor, meiner hotelleiinga, som fryktar å ha gått glipp av fleire bestillingar.

Eikum Hotell på Hafslo

LENGE UTAN TELEFON: Mangel på fasttelefon er eit ukjend problem for mange i dag, men både gjestar og tilsette her ved Eikum Hotell på Hafslo har fått kjenne konsekvensane etter 12 dagar utan oppegåande fastlinje.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eit lynnedslag 25. juli slo ut linjene for fleire i Luster, blant dei Eikum Hotell. 29. juli sa Telenor til NRK at linjene skulle vere oppe og gå att på ettermiddagen. Det skjedde ikkje. Først to dagar seinare fekk hotellet telefonlinjene tilbake, men etter berre eit døgn forsvann summetonen på ny.

Dagleg leiar ved hotellet, Ståle Kjos-Wenjum, vart svært skuffa då han på dette tidspunktet kontakta Telenor.

– Dei sa at det ikkje var ein prioritert sak. Dessutan var det berre eg som hadde meld feilen, og det var ikkje slikt dei rykte ut til. Då var eg skuffa. Det var ei dårleg melding å få når du har vore utan telefon ei veke og nett fått den tilbake i 24 timar før den forsvinn igjen, seier han.

Kan ha mista gjestar

Hotellsjefen fortel at det har vore mykje ekstraarbeid for hotelldrifta når telefonlinjene deira har vore nede.

– Det har vore kopla vidare frå ein mobil til ein annan mobil, og så måtte vi prøve å unngå å bruke dei mobilane til å ringje ut med, så då hadde vi ein tredje mobil til det. Gjestene kunne heller ikkje ringje ut, og vi kunne ikkje ringje inn til gjestane om det er nokon som vil snakke med dei, fortel Kjos-Wenjum.

– Kva konsekvensar trur du dette har fått for hotelldrifta?

– Ja, eg spør meg sjølv om dette no. Eg har ein mistanke om at vi kan ha mista bestillingar i samband med dette, for vi har jo ikkje vore oppdaterte. Mobilane har lege på ulike stader, så det er godt mogleg at vi har gått glipp av nokre.

Skuffa over Telenor

Bjørn Amundsen

SJØLVKRITIKK: Dekningssjef Bjørn Amundsen og Telenor tek sjølvkritikk for måten dei handsama feilen som eit lynnedslag påførte telefonsentralen i Luster.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Han er skuffa over måten Telenor har handtert saka på.

– Eg tykkjer det har vore dårleg service. Når du ringjer dit så må du trykkje éin og to, og så må du trykkje telefonnummer du ringjer frå, og så må du vente på svar. Og så er det stor trafikk og dei skal ringje meg opp att om eit kvarter, men så gjer dei ikkje det. Og så er det ein ny kundekonsulent kvar gong slik at du må forklare alt på ny. Du får ikkje snakke med nokon som verkeleg kan noko om dette, fortel Kjos-Wenjum.

På spørsmål om han ønskjer kompensasjon er han audmjuk. No håpar han berre at dei får ha summetonen, og at den ikkje forsvinn på ny.

– Ikkje slik som sist at vi hadde den i 24 timar før den forsvann. Eg føler at det berre er det vi ventar på her no.

– Burde ha gått fortare

Hotellet har 55 rom med plass til kring 100 gjestar kvar dag om det er fullbooka. Det har det vore i sommar. Både i mai, juni og juli har hotellet hatt oppgang samanlikna med fjoråret og året før det igjen. Difor er det vanskeleg å ut frå besøkstalet vurdere om dei har gått glipp av gjestar, ifølgje Kjos-Wenjum.

Han forstår at lynnedslag ikkje er Telenor sin feil, men meiner likevel dei kunne gjort meir.

– Det burde ha teke kortare tid. Eg skjønar at ting vert øydelagde, men det bør ikkje ta 12 dagar å ordne opp i det.

Telenor beklagar

Dekningssjef Bjørn Amundsen hos Telenor vedgår at feilen burde vore reparert raskare. Samstundes legg han til at feilen var meir komplisert og større enn dei først trudde. Skadar ved lynnedslag er alltid vanskelege

I alt 14 abonnentar vart råka av same feilen som Eikum Hotell.

– Då vi skjønte omfanget flytta vi meir eller mindre alt utstyret til ein annan sentral i området, kopla om alt og fekk abonnentane opp å gå. Men dette er veldig beklageleg, seier han.