Hopp til innhold

Hotell kan bli asylmottak

Ordførar i Askvoll, Frida Melvær, er uroa over at kommunen mest truleg mister hotellet sitt i løpet av kort tid. Det skriv Firda. Rett etter at eigarane av Askvoll fjordhotell selde, kom det brev til kommunen frå Hero. Der skreiv dei at dei ville bruke hotellet som mottak for mindreårige asylsøkarar. Fjordhotellet er den einaste overnattingsstaden i Askvoll sentrum. UDI har stadfesta at dei har fått søknad frå Hero om asylmottak i Askvoll. Ordføraren veit førebels lite om kva som skjer, men seier at dei ikkje er dimensjonert for ei slik oppgåve.