Hopp til innhold

Hotell i Årdal kan bli asylmottak

Selskapet Hero ønskjer å starte asylmottak på Sitla hotell i Årdal for mellom 120 og 150 asylsøkjarar.

Sitla Hotell i Øvre Årdal

KAN BLI ASYLMOTTAL: Dersom det blir asylmottak her, betyr det seks-sju arbeidsplassar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det skriv Sogn Avis. Hero har inngått intensjonsavtale med eigarane av hotellet om å drive eit mottak i industribygda. Eit asylmottak betyr seks-sju arbeidsplassar.

Dersom søknaden vert godkjent av UDI og kommunen – er målet å opne asylmottaket 1. februar neste år.

Frp-politikar Geir Hilmar Sandvik er skeptisk til planane og meiner eit asylmottak ikkje er det industribygda treng no.

– Det vil bli ei utfordring dersom fleire av dei får opphaldsløyve og skal busetje seg her. Vi har ikkje arbeid til alle, seier han til Sogn Avis.

Ordførar Arild Ingar Lægreid legg ikkje skjul på at eit asylmottak vil by på store utfordringar for kommunen.

– Vi har takka nei til førespurnader tidlegare, på grunn av omstillingsarbeid og liknande. Men vi skal nok få det til, seier han.