Hopp til innhold

Hornindal held dørene opne - både sørover og nordover

Hornindal kommunestyre vedtok i ettermiddag intensjonsavtalen med Stryn. Men samtidig held dei døra opa mot Volda/Ørsta.

Stig Olav Lødemel

JA TIL BEGGE KANTAR: Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, og Hornindal kommune held døra opa for Ørsta/Volda, samtidig som dei held fram intensjonsavtalen med Stryn.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Intensjonsavtalen med Stryn gjekk gjennom utan store diskusjonar, seier ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel.

Men temperaturen var rimeleg høg då dei i 11-tida fekk beskjed om at det er stemning både i Ørsta og Volda får å ta med Hornindal i ein ny storkommune.

– Vi fekk etter mitt syn eit ultimatum der Volda/Ørsta ville ha med Hornindal til søre Sunnmøre utan at Stryn skal få vere med. Det beklagar eg, men eg må ta det til følgje, seier Lødemel.

Måtte forme eit alternativ

For at kommunen skal kunne imøtekomme kontakten som dei veit vil komme nordfrå, fatta dei difor eit vedtak der dei opna opp for å kunne svare på førespurnaden.

– Det medførte at vi måtte endre litt på kommunestyrevedtaket. I alle andre alternativ enn å stå åleine var Stryn ein del av det. Då vi vart utfordra på at dei ikkje ønskte å diskutere med Stryn, var vi nøydde til å forme eit alternativ som ikkje inkluderer Stryn, seier Lødemel.

Sven Flo

IKKJE UROA: Stryneordførar Sven Flo trur ikkje situasjonen med Ørsta/Volda vil stikke kjeppar i intensjonsavtalen med Hornindal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dermed satsar Hornindal på to hestar i løpet vidare mot kommunesamanslåing. Kommunestyret vedtok at forhandlingsgruppa til kommunen skal avklare situasjonen knytt til Ørsta/Volda, uavhengig av prosessen knytt til Stryn.

– Eg ser ikkje på det som veldig dramatisk. Vi må finne ut kva dei ønskjer å tilby oss, og så må vi vekte dette opp mot kva retning vi kjem best ut av det frå, seier Lødemel.

Vil gjerne ha med Stryn

– Du er ikkje redd for at Stryn no vert skikkeleg fornærma?

– Jau, det er eg. Men for at vi skal kunne svare Ørsta/Volda på ein skikkeleg måte, må vi kunne møte dei utan å gjere det trass i kommunestyrevedtaket, seier Lødemel.

Hornindal har i vedtaket presisert at dei i så fall vil arbeide for at Stryn skal kunne vere med i den nye samanslegne kommunen.

– Det er ikkje Hornindal som vil bidra til at Stryn vert halde utanfor, seier Lødemel.

Også Stryn kommunestyre var i dag samla for å vedta intensjonsavtalen med Hornindal, noko dei samrøystes gjekk inn for.

Stryn-ordførar Sven Flo har ikkje såre tær for at Hornindal no har vedteke å sjå i fleire retningar, men presiserer at han likar dårleg at Stryn ikkje vert invitert med av Ørsta/Volda.

– Det tykkjer eg er veldig merkeleg, i og med at vi har vore tydelege på at vi ønskjer å vere ein del av diskusjonen. Men vi har forstått at dei ser på Stryn som meir komplisert å forhandle med. Men vi tek det til følgje. Det er deira rett, seier Flo.