Hopp til innhold

Hopen: – Det er ein knallhard jobb

For berre nokre månader sidan stod Ørjan Hopen fram som speleavhengig. No er han på veg ut av problema og vedgår at dei siste månadene har vore tøffe.

Ørjan Hopen

TILBAKE: Ørjan Hopen stod i haust fram og sa at han var speleavhengig. I dag hadde han pressekonferanse etter opphaldet på ein klinikk i England.

Foto: Arve Uglum / NRK

Den unge Sogndalspelaren kalla måndag ettermiddag inn til pressekonferanse på Fosshaugane Campus. Etter eit opphald på ein klinikk for speleavhengige i England er han no tilbake i klubben og klar for trening att.

– Eg har det fint. Eg kjenner meg frisk og fin, så alt er bra, seier Hopen til NRK.no.

Han vedgår at opphaldet på klinikken i England har vore intensivt og hardt, men at han har fått mange positive tilbakemeldingar.

– Det er ein knallhard jobb å kome seg ut av problema ein har rota seg opp i, og det er også innstil på, seier han.

Trugsmål vart tunga på vektskåla

Det var ein positiv Ørjan Hopen som møtte på Sogndaltrening i dag. Det er ei tung bør som no er løfta av skuldrene hans. Avslutninga på fjorårssesongen vart ein han truleg aldri vil gløyme.

Den 30. november i fjor stod 19-åringen fram som speleavhengig. Hopen fortalde at han på berre ein månad kunne spele for 40.000 kroner og at over tid har opparbeidd seg eit stor gjeld.

Spelinga har auka i takt med Hopen sine inntekter, og til slutt vart trugslane om knuste kneskåler tunga på vektskåla som førte til at avhengigheita måtte ut i lyset.

– Trugsmåla kjem frå enkeltpersonar Norge rundt. Dei har truga med å melde meg til politiet og med fysisk vald, fortalde Hopen til VG.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen

POPULÆR: Det var mange journalistar som ville snakke med Ørjan Hopen som no er tilbake i Sogndal. Her er han saman med Endre Romøren i Sogn Avis.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Har vore langt nede

Den 9. januar starta 19-åringen sitt opphald på The Sporting Chance Clinic utanfor London. Den same klinikken som tidlegare Englandsproff Claus Lundekvam fekk hjelp på for sine alkohol- og narkotikaproblem.

I dag var Hopen tilbake i Sognahallen på si første Sogndaltrening på vegen tilbake mot å bli rehabilitert. Det er ein veg han er innstilt på at blir tøff.

– Eg var sjølvsagt langt nede den novemberdagen. Men etter dette har det berre gått oppover. Det var nok då eg for første gong innsåg at eg berre måtte ta tak og vere meir open om problema mine skulle eg kome meg ut av dette, seier han.

Sjølv om han lagt bak seg eit fleire veker langt opphald på klinikken i England vil han ikkje sjølv seie at han har fått bukt med problema, enno.

– Dette er ein prosess. Det er eit kontinuerleg arbeid, men eg skal klare å halde dette i sjakk, seier Hopen til NRK.no.

Bad klubbane ta ansvar

Hopen er ikkje den einaste fotballspelaren som har slite med speleavhengigheit. Jesper Mathisen skreiv i boka si om fotballegenda og far hans, Svein "Matta" Mathisen, opent om spelegalskapen sin. Jesper Mathisen tapte på det meste 154 000 kroner på éin tenniskamp.

Då Hopen stod fram med si avhenge i november, bad fotballpresident og tidlegare leiar i Sogndal fotball, Yngve Hallén om at klubbane måtte ta meir ansvar.

– Klubbane må vere meir bevisste på dette problemet. Om det er alkohol eller andre avhengigheitsproblem, så er gode arbeidsgjevarar dei som slår ring rundt arbeidstakaren og legg til rette for at dei kan kome seg ut av det, sa Hallén.

(Artikkelen held fram under biletet)

Håvard Flo
Foto: Rune Fossum / NRK

– No skal han tilbake i kvardagen

Det var mange som i dag var glade for at Ørjan Hopen var tilbake på trening. Assistenttrenar og spelarutviklar i Sogndal, Håvard Flo er ein av dei.

– Det er kjekt å ha han tilbake. No må vi få han inn i kvardagen igjen slik at han får begynne å jobbe med venstrefoten sin igjen, seier Flo og legg til:

– Det som blir viktig no er å ha fokus på fotball og struktur. Trening, kvile, mat. Det aller viktigaste er at han smiler og har det godt, seier Flo.

– Aldri vore betre førebudd til sesongstart

Assistenttrenaren fortel at Hopen sjølv har sagt at han for første gong på lenge gler seg til kvardagen, og 19-åringen er heilt klar på at alt fokuset den komande sesongen skal vere på fotballbana.

– Eg har trent veldig bra i det siste. Det har blitt 40 økter på 26 dagar, så eg er i rute, seier Hopen med eit smil.

– Eg har aldri vore betre førebudd til sesongstart!