Hopp til innhold

Honndølene vil bli sunnmøringar

Ordførar i Hornindal, Anne-Britt Øen Nygård (Sp), har fått fleire signal frå sine innbyggjarar om at dei ynskjer å bli del av Møre og Romsdal fylke.

Senterpartiordførar i Hornindal Anne-Britt Øen Nygård.

SER NORDOVER: Senterpartiordførar i Hornindal, Anne-Britt Øen Nygård, seier fleire av hennar innbyggjarar ynskjer å bli innlemma i Møre og Romsdal fylke.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kvivsvegen som opnar laurdag, betyr halvert reisetid frå Hornindal til Volda.

Blant honndølene har det også skapt grobotn for tanken om å bli sunnmøringar.

– Eg har fått mykje signal om at folk ynskjer å innlemme seg i Møre og Romsdal. Dersom vi skal byrje å løyse opp fylkesgrensene, så må folk få lov å uttale seg, seier ordførar Anne-Britt Øen Nygård (Sp) i Hornindal.

(Artikkelen held fram under kartet)

Kvivsvegen kart

OPNAR: Kvivsvegen gjer avstanden frå Hornindal til Volda langt kortare enn i dag.

Endå sterkare band

Når kommunalminister Liv Signe Navarsete har klypt snora for det nye sambandet mellom Grodås og Volda, får honndølene ein halvtimes køyretur til sjukehuset, høgskulen og den vidaregåande skulen i Volda.

Jon Aasen

FYLKESORDFØRAR: Jon Aasen.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Etter ti minuttar til bak rattet, når dei også flyplassen i Ørsta. Øen Nygård meiner Kvivsvegen gjer eit sterkt band til Sunnmøre, endå sterkare.

– Det er mest mot Hellesylt og Stranda. No blir det heilt andre tider og vi ser allereie no kor mange som byrjar å gå på høgskulen i Volda. Dei har venta på denne vegen, og no kjem den, seier ho.

– Hjarteleg velkomne

I Molde opnar fylkesordførar Jon Aasen hendene, og ynskjer honndølene hjarteleg velkomne til Møre og Romsdal.

– Det er klart at store samferdsleutbyggingar forandrar reisemønster. Hornindal som alltid har vore så knytt nordover til Møre, blir no også knytt vestover til Volda-Ørsta-regionen. Min umiddelbare reaksjon er hjarteleg velkomen, men så er vi alle saman klare over at det er ein mødesam prosess og ein formalitet, seier han.

Usikker på vinst

Aasen ikkje trur det blir noko skilnad for Hornindal, med sine 1.200 innbyggjarar, å vere ein utkant i Sogn og Fjordane, eller å vere ein utkant i Møre og Romsdal.

Ved Høgskulen i Volda er professor Jørgen Amdan derimot usikker på om Hornindal har så mykje å tene på å «skifte fylke».

– Det vesentlege som fylkeskommunen har som ansvar i dag, og som gjeld kommunane direkte, er dei vidaregåande skulane og fylkesvegane, seier han og meiner honndølene må taktisk vurdere kva fylke det er mest fornuftig for dei å høyre til.

Blir ein utkant

Jørgen Amdam

UTKANT: Jørgen Amdam meiner Hornindal blir ein uansett kva fylke dei tilhøyrer.

Foto: Høgskulen i Volda

– Uansett er det eit spørsmål om ein skal vere i utkanten av eit fylke med tre byar, eller å vere i utkanten av Sogn og Fjordane, legg Amdam til.

– For Hornindal sin del, er det betre å vere styrt frå Molde enn Hermansverk?

– Eg trur kanskje det er lettare å komme på talefot med Hermansverk, enn med Molde. Det heng noko saman med at Møre og Romsdal fylke er mykje større, og kanskje har ein meir formell måte å jobbe på enn i Sogn og Fjordane, seier han.

Første steg

Amdam skjønar godt at tanken har dukka opp no som det opnar seg ei ny verd for Honndølene.

Og i Hornindal meiner Øen Nygård at første steg mot ei meir formell tilknyting nordover, må vere at Hornindal blir innlemma i Helse Møre og Romsdal, og Midt-Norge.

– Dette er store endringar, så då må det vere heilt opp til folket, avsluttar ho.