Hopp til innhold

Hole blir ny leiar på skisenter

Even Hole frå Førde er tilsett som ny dagleg leiar i Jølster Skisenter i 60 prosent stilling. Hole har ei lang karriere bak seg både i og rundt alpinsporten. Han er mellom anna fem gonger noregsmeister og har ein 3.-plass i World Cup som aktiv alpinist. Han har dei siste åra vore tilsett som lærar på Voss vidaregåande skule på idrettslinja.

Even Hole
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK