Hopp til innhold

Høgthengjande pris til Florø-ungdomar

Ein god gjeng med ungdomar frå Florø kunne sleppe jubelen laust torsdag kveld etter at dei stakk av med ein av prisane i NM for ungdomsbedrifter.

Vinnar ungdomsbedrift

GLAD UNGDOMAR: aDABt UB-gjengen frå Florø med synleg bevis på at dei vann under NM.

aDABt UB er namnet på bedrifta til ungdomane, og under NM på Lillestrøm fekk dei prisen for beste forretningsplan.

Juryen var tydeleg i si grunngjeving om kvifor det var nettopp Florø-gjengen som fekk denne prisen.

– Norges beste forretningsplan har eit svært gjennomført konsept, som spesialiserer seg på ein tidsaktuell nisjemarknad. I forretningsplanen syner dei særs god marknadsforståing, klare, realistiske målsetningar, og gode framtidsplanar, skriv juryen.

Verksemda har utvikla og lagar utstyr for FM-radioar, slik at dei kan takle overgangen til det nye DAB-nettet som blir innført frå 2017.

Lærar Øystein Garfors var usedvanleg godt nøgd etter at klassesigeren var eit faktum.

– Dette er femte ungdomsbedrifta frå Flora vgs. som har komme til NM, men dei har aldri vore så godt budd som denne gangen. Elevane har stått på og jobba hardt, alle har si rolle og stilling i bedrifta slik at det har vorte skapt eit godt lag. Eg har gleda meg til kvar einaste time, og synest rett og slett det er litt trist at skuleåret snart går mot slutten, seier Garfors i ei pressemelding.