Hopp til innhold

Retts-slag om 120 Terra-millionar står i februar

Rettssaka mellom Bremanger kommune og Danske bank kjem opp i Høgsterett 16. februar neste år.

Har viska vekk Terra-underskot

MARERITTSAK: Rådmann Tom Joensen og Bremanger kommunar må gå ein ny runde i retten mot Danske bank.

Foto: Montasje: Oddleif Løset/Scanpi / NRK

120 millionar kroner står på spel for Bremanger kommunar når saka mot Danske bank kjem opp for Høgsterett 16. februar neste år.

Saka handlar om kjøp av verdipapir med skyhøg risiko – såkalla derivatavtalar – og er ei av fleire som dukka opp i kjøtvatnet av Terra-skandalen i 2007.

Vond sak for Bremanger

Bremanger kommune gjekk til rettssystemet for å få kjent desse derivatavtalane ugyldige og fekk medhald i Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett.

Men Danske bank anka lagmannsrettsdommen og fekk medhald, slik at saka no har kverna seg heilt opp til den øvste rettsinstansen i landet.

– Banken tykkjer det er positivt at dette blir prøvd for Høgsterett, sa advokat Olav Fredrik Perland, som fører saka for Danske Bank, til Aftenposten.

For Bremanger kommune betyr dette at dei framleis ei stund må slita med marerittsaka, som dei så gjerne vil leggja bak seg.

– Me er sjølvsagt ikkje spesielt glade for det. Me hadde håpa og trudd at me skulle vera ferdige med den saka, sa rådmann Tom Joensen til NRK i september.

Rettsforhandlingar i tre dagar

Høgsterett har bestemt at ankesaka skal belysast i si fulle breidde med vekt på mellom anna dei prinsipielle spørsmåla. Kva deler av saka som skal vektast tyngst, blir bestemt i eit førebuande rettsmøte med partane, truleg før jul.

Når sjølve saka kjem opp i februar, har advokatane til Bremanger kommune tre dagar på seg til å overtyda Høgsterett.