Hopp til innhold

Høgskulen seier ja til storfusjonsutgreiing

SOLVORN (NRK): Det nye styret til Høgskulen i Sogn og Fjordane seier ja til å greia ut ein fusjon med andre høgskular på Vestlandet. Men det er ikkje eit linjeskifte, seier den nye styreleiaren.

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

DET FYRSTE MØTET: Det var knytt stor spenning til kva det nye høgskulestyret ville meina i fusjonssaka.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Høgskulesektoren er i stor endring, og me treng meir kunnskap. Difor vil me ha tre utgreiingar – éi med Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Stord/Haugesund (HSH), éi med Høgskulen i Volda, og så er det òg viktig å greia ut vidare åleinegang, seier styreleiar Trond Ueland i Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

Det var knytt spenning til korleis Ueland og det nye styret ville stilla seg til fusjonssaka på styremøtet i dag. Det gamle styret har stått steilt på ei sjølvstendelinje, men samstundes lagt vekt på å få til eit tett samarbeid med andre.

Trond Ueland

NY STYRELEIAR: – Fusjonsutgreiing betyr ikkje automatisk ja til samanslåing, seier Trond Ueland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Store endringar

Men mykje har skjedd i løpet av våren og sommaren:

  • Stortinget har vedteke ei rekkje tøffe krav utdanning og forsking som HiSF må innfri. Mellom anna blir det krevjande for høgskulen å kunna tilby ei femårig lærarutdanning frå 2017 på eigen kjøl.
  • Fusjonsforhandlingane mellom HSH og Universitetet i Stavanger stranda før sommaren. HSH ønskjer difor fusjon med HiB og andre institusjonar på Vestlandet.
  • Mange høgskular og universitet i Nord-Norge, Midt-Norge og på Austlandet skal eller har allereie fusjonert. Men på Vestlandet har samanslåingsarbeidet stått i stampe. Difor samla statssekretær Bjørn Haugstad (H) alle rektorane på Vestlandet til toppmøte i Bergen tidleg i september for å få fart på arbeidet. Der bestemte HiB og HSH å greia ut ein storfusjon og inviterte HiSF med.
  • Les også: Haugstad kan få storfusjonen han ønskjer

– Ikkje linjeskifte

Fusjonspresset frå Regjeringa er med andre ord framleis sterkt, og etter Bergens-møtet kom statssekretær Haugstad med ei klar oppmoding til HiSF-styret.

Bjørn Haugstad

FEKK DET SOM HAN VILLE: Statssekretær Bjørn Haugstad (H) oppfordra HiSF-styret om å bli med på ei fusjonsutgreiing - då han her møtte alle vestlandsrektorane i Bergen tidlegare september.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg oppfordrar styret til å delta i ei fusjonsutgreiing for å finna ut av grunnlaget for ei eventuell samanslåing på Vestlandet.

Det nye styret følgde altså oppmodinga frå Regjeringas mann. Men styreleiar Ueland avviser at vedtaket om fusjonsutgreiing er eit linjeskifte samanlikna med det gamle styret.

– Det gamle vedtaket ligg i botn, og utgreiinga betyr ikkje at me går inn i fusjonsforhandlingar. Me er eit nytt styre som treng eit betre grunnlag for å ta ei endeleg avgjerd.

Endeleg avgjerd i 2016

Fristen for utgreiingsarbeidet er sett til januar neste år. Eit endeleg ja eller nei til fusjon vil ikkje styret ta stilling til før tidlegast våren 2016, seier Ueland:

– Styret skal fyrst ta stilling til utgreiingane, som skal vera klare på nyåret. Då blir spørsmålet om HiSF skal gå vidare langs samanslåingssporet, eller seia nei og bli verande sjølvstendig. Vel styret å gå vidare, ventar forhandlingar, som igjen må handsamast i styret.