Hopp til innhold

Høgskulen legg Volda-allianse på is

SOGNDAL (NRK) Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) vil likevel ikkje greia ut ein fusjon med Høgskulen i Volda. Ei god spissing, seier kunnskapsministeren (H).

Johann Roppen og Rasmus Stokke

INGA FELLES UTGREIING: Rektorane ved høgskulane i Sogn og Fjordane – Rasmus Stokke (t.v.) og Volda – Johann Roppen – på det skilsetjande høgskuletoppmøtet i Bergen i september, som fekk fart på den fastlåste situasjonen på Vestlandet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg tykkjer Høgskulen i Volda (HiV) burde tenkja i dei same banene som HiSF. HiV har foreslått ein laus allianse som ikkje er eit fullgodt svar på dei endringane som er i universitets- og høgskulesektoren. Eg meiner HiSF har gjort ei god spissing, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Statsråden er godt nøgd med at høgskulefloken på Vestlandet kan vera i ferd med å løysa seg. For tre veker sidan sa nemleg HiSF-styret ja til å greia ut ein storfusjon i vest.

Volda-modellen for laus i fisken

No har høgskulen lagt fusjonsutgreiinga med Volda på is og konsentrerer seg om å greia ut vidare åleinegang, samt ei storsamanslåing med høgskulane i Stord/Haugesund og Bergen. Det er ei spissing som kunnskapsminister Røe Isaksen har sans for:

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

NØGD MED FUSJONSUTGREIINGSVILJE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner HiSF er på rett spor.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Eg tykkjer HiSF, som no går konkret til verks og stiller seg spørsmålet kva moglegheiter som finst for oss og for Vestlandet, har valt ein betre veg enn HiV sin alliansetanke, seier Røe Isaksen

Høgskulen i Volda arbeider med å få til ein allianse med høgskulane i Molde og Lillehammer, og gjerne ha med HiSF. Dette vil ikkje vera ein fusjon der ein gir frå seg sjølvråderett, men ei eller anna form for samarbeid.

Held døra på gløtt

Sjølv om Høgskulen i Sogn og Fjordane legg ei Volda-utgreiing på is, held rektor Rasmus Stokke døra på gløtt for systerinstitusjonen i nordfylket.

– Diskusjonane rundt alliansemodellen følgjer me nøye med på, og me er med på samtalar her òg, men førebels blir det ikkje sett i gang eit utgreiingsarbeid, slik me har gjort sørover.

– Høgskulestyret slo fast at ein skulle greia ut alle tre alternativa. Det at de legg Volda på is – korleis harmonerer det med styrevedtaket?

– Dette har noko å gjera med at høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer ikkje er komne så langt i utgreiingsarbeidet.

Rasmus Stokke vert ny rektor

REGJERINGSPÅTRYKK: – Presset frå departementet er her, og har vore her lenge, seier HiSF-rektor Rasmus Stokke.

Foto: Pressefoto

Sjølvråderetten blir avgjerande

Fem firma kjempar om å få gjera utgreiinga av ei høgskulesamanslåing med Stord/Haugesund og Bergen. Det selskapet som vinn anbodet startar arbeidet 1. november og skal vera ferdig til nyttår då høgskulestyret skal seia ja eller nei til eventuelt å gå vidare i fusjonsforhandlingar.

Utgreiinga skal gi svar på fleire spørsmål:

  • Korleis ein storhøgskule skal styrast?
  • Korleis blir økonomien ved ein fusjon?
  • Korleis skal høgskulen framleis vera viktig for kommunane og næringslivet i nærområdet?
  • Korleis ein skal klara å innfri dei nye kvalitetskrava til høgskulane som Stortinget vedtok i vår?

Kunnskapsministeren si omfamning av denne fusjonsutgreiinga minkar ikkje akkurat presset på HiSF. Men skremmer ikkje rektor Stokke:

– Presset er her, og har vore her lenge.