Hopp til innhold

Høgre-nestleiar lovar ferjefri E39

Høgre vil bruke 230 milliardar kroner på å gjere Vestlandet ferjefritt og byggje ut Intercity-jernbane på Austlandet om dei kjem til makta etter haustens stortingsval.

Bent Høie Høyre

VALFLESK: Bent Høie, nestleiar i Høgre, meiner det er realistisk å få til gigantsatsing både på E39 og Intercity-tog på Austlandet.

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

Medan dei raudgrøne regjeringspartia kranglar om kva landsdel som skal prioriterast raskast, kjem Høgre med følgjande valløfte:

– Motsetnadene mellom dei to prosjekta, Intercity og ferjefri E39, er oppkonstruert. Årsaka er at det ikkje handlar om dei same pengane, seier nestleiar i Høgre, Bent Høie, til VG.

Må betale sjølve

Partiet ynskjer ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim. Valløftet har ein prislapp på 100 milliardar kroner og vil korte reisetida med sju timar. For ytterlegare 130 milliardar kroner vil partiet ha full Intercity-utbygging frå Halden, Skien og Lillehammer til Oslo.

Medan Høie meiner staten må finansiere Intercity-satsinga i aust, meiner nestleiaren at ferjefri E39 kan finansierast ved bompengar.

– Eg skjønar at Høgre har lyst til å vinne valet, men eg truddet dei var eit ansvarleg parti, seier samferdslepolitisk talskvinne i Arbeidarpartiet, Anne Marit Bjørnflaten til avisa.

– Urealistisk

– Det Høgre seier er urealistisk. Vel er betalingsviljen stor på Vestlandet, men å ta inn 130 milliardar kroner på bompengar – det kan vi ikkje gjere. Ikkje berre vil det binde opp budsjetta fram til 2030, men også i mange tiår etter det. Det vil gå ut over resten av landet, legg Bjørnflaten til.

I sommar uttala Sp-leiar Liv Signe Navarsete til VG at ho ikkje var viljug til å prioritere intercityutbygginga framfor oppgradering av vegane.

– Miljøet viktigast

Nyleg gjekk også SV-leiar Audun Lysbakken ut og sa at SV ikkje vil prioritere ferjefri E39.

Under ein nyttårskonferanse i Hordaland gav Lysbakken klart uttrykk for at miljøet er viktigast, og at ein då ikkje kan leggje til rette for meir bilkøyring.

– Dei som latar som dei kan seie ja til alt, dei tar feil. Dei store pengane må gå til to ting: Kollektiv- og jernbaneprosjekter, samt trygge bruksvegar i distrikta, som er trygge for ras og har gul midtstripe, sa Lysbakken.