Hopp til innhold

Vidar Grønnevik vann val-thriller

LOEN (NRK): Vidar Grønnevik er ny fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre. Valnemnda sin favoritt, Noralv Distad, nådde ikkje opp.

Vidar Grønnevik jublar på fylkesårsmøte

SIGERHERRE: Vidar Grønnevik jubla då fleirtalet på fylkesårsmøtet valte han som ny fylkesleiar i Høgre. Noralv Distad (t.v.) var favoritten til valnemnda, men han nådde ikkje opp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

108 delegatar frå alle dei 26 lokallaga i Sogn og Fjordane Høgre hadde møtt fram på Hotell Alexandra i Loen. I to dagar har dei vandra rundt i korridorane og prøvd å lokke andre over til si side i leiarvalet.

Det har vore knytt stor spenning til valet. Ingen har turt å spå kven som skulle gå sigrande ut. Då røystene var talt opp synte det seg at 46 hadde røysta på Distad. 62 røysta på Grønnevik.

Vidar Grønnevik er inne i sine tredje periode i bystyret i Flora, og har ei rekkje styreverv i næringslivet i fylket.

Noralv Distad er inne i sin andre periode som ordførar i Aurland. Han har sete på fylkestinget i ei årrekkje. Dei siste periodane som fylkesgruppeleiar.

Leiartrio i Sogn og Fjordane Høgre

LEIARTRIO: Andrenestleiar Olin Johanne Henden (f.v.), førstenestleiar Vidar Grønnevik og leiar Arve Mjømen var alle kandidatar til leiarvervet på eit tidspunkt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kritikkverdig prosess

I byrjinga var det tre aktuelle kandidatar til leiarvervet. Heile den sitjande trioen med fylkesleiar Arve Mjømen, førstenestleiar Vidar Grønnevik og andrenestleiar Olin Johanne Henden. Desse var på intervju med valnemnda, men Mjømen og Henden valte etter kvart å trekkje seg. Samtidig dukka Noralv Distad opp som kandidat.

Valnemnda var delt i si innstilling av Noralv Distad som leiar. Fem ville ha han. To ville ha Vidar Grønnevik. Arnt Hovland Munthe frå Sogndal var del av mindretalet. Han sa det har vore ein kritikkverdig prosess.

– Leiaren i nemnda har jobba intensivt for Distad. Han har sjølv ringt rundt til lokallaga for å sanke støtte til sin kandidat. Det skal ikkje ein leiar i ei valnemnd gjere.

Lars Trygve Sæle frå Balestrand var denne leiaren. Han svarte på kritikken slik:

– Eg opplevde enkelte i valnemnda som reine lokalpolitikarar som berre fremma sine eigne interesser. Ei fylkesvalsnemnd skal vere til for heile fylket.

Støttetalar

Ole Gunnar Krakhellen med røystelapp for Distad

EIN BETRE POLITIKAR: Ole Gunnar Krakhellen frå Solund syner fram røystesetelen til støtte for sin tidlegare fylkestingskollega Noralv Distad. Han takkar Distad for å ha gjort han til ein betre folkevalt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var ei rad av støttetalar til dei to kandidatane. Store lokallag som Sogndal og Flora støtta Grønnevik.

– Som sogning skulle eg støtta deg, Noralv. Men eg har falt ned på Vidar. Det er lurt å dele på verva, sa Karin Vikane frå Sogndal.

Fleire tonegjevande tillitsvalde støtta Distad. Mellom anna Askvoll-ordførar Frida Melvær, og ein tidlegare fylkestingskollega:

– Noralv har blitt ein nasjonal figur som har takla beredskapskriser på ein framifrå måte. Han har gjort meg til ein betre politikar, sa Ole Gunnar Krakhellen, tidlegare fylkespolitikar og ordførar i Solund.

Gratulasjonsklem til Vidar Grønnevik

GRATULASJON: Noralv Distad gratulerte Vidar Grønnevik etter at valresultatet var klart.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mana til ro

Rett før valet var generalsekretær John-Ragnar Aarset på scena. Han avslutta sitt foredrag med å mane til ro og samling etter valet.

– Den som vinnar må få full oppbakking av heile fylkeslaget! No gjeld det å byggje kvarandre opp, sa Aarset til forsamlinga.

Fleire kampvoteringar

Etter at Grønnevik rykka opp til leiar, vart hans eige verv som førstenestleiar ledig. Avgått fylkesleiar Arve Mjømen føreslo då at Noralv Distad burde få denne plassen. Sogndal Høgre føreslo sin eigen Einar Vatlestad.

Eit skriftleg val synte at Distad fekk 73 av røystene. Vatlestad fekk 35.

Harald Aamot frå Førde vart samrøystes valt til nytt styremedlem.

Det vart kampvotering mellom dei to unge sognekvinnene Vilde Tøfte Øvstetun frå Leikanger og Lise May Sæle frå Balestrand. Sistnemnde vart samrøystes innstilt av valnemnda. Øvstetun fekk 45 røyster. Sæle fekk 61.

Pussig nok vart det også kampvotering mellom to stryningar. Valnemnda hadde samrøystes innstilt på Sonja Øvre-Flo. Men i møtet vart ordførar Sven Flo fremma som motkandidat mot henne. Etter skriftleg votering vart det 52 mot 52 røyster.

Dermed vart det omval. Her hadde éin person ombestemt seg. Då vart det 51 røyster til Sonja Øvre-Flo, og 53 røyster til Sven Flo.

Anne Lilleaasen frå Gaular vart samrøystes attvalt som kvinnepolitisk leiar.

PS: Den observante lesar merkar kanskje at totalsummen delegatar endrar seg i dei ulike vala. Dette er fordi det kjem og reiser delegatar undervegs i årsmøtet.