Hopp til innhold

Høgre går for indre linje på E39

Etter ein opprivande debatt i over ein time gjekk Sogn og Fjordane Høgre inn for at E39 bør gå i indre linje om Stryn.

Bjørn Lødemel og Tore Hjelle

SKUFFA: Tore Hjelle i Eid Høgre (til høgre i biletet) er svært skuffa over at Sogn og Fjordane Høgre går inn for at E39 i framtida skal gå via Stryn. Her saman med stortingskandidat Bjørn Lødemel.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Representantar frå Gloppen og Eid sa under debatten at dette ville vere eit svik mot midtre Nordfjord, og at det ville bli svært vanskeleg å drive valkamp med eit slikt vedtak.

Men til slutt gjekk eit overveldande fleirtal for at E39 bør gå via Stryn, og ikkje i bru over Lote-Anda.

Stortingsrepresentant og førstekandidat Bjørn Lødemel måtte tole kritikk for at han snudde i saka nyleg.

– Krigserklæring

Nyvalt leiar Olin Johanne Henden i Gloppen Høgre sa at ho ikkje har fått utmeldingar frå partiet så langt, men også ho utrykte uro for korleis det blir å drive valkamp.

Lokallaget hennar nekta Lødemel og andrekandidat Bjørn Hollevik å kome på deira årsmøte.

Tidlegare lokallagsleiar i Gloppen, Sjur Austreim, sa at dette vedtaket ville nærmast vere ei krigserklæring mot midtre Nordfjord.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

INDRE LINJE: Sogn og Fjordane går inn for at E39 i framtida skal gå via Stryn.

Foto: Statens vegvesen

– Heilt unødvendig

Tore Hjelle i Eid Høgre var svært opprørt over at Sogn og Fjordane Høgre går vekk frå det midtre alternativet, med E39 i bru over Anda-Lote.

– Det er ekstremt skuffande, og det er ekstremt unødvendig å køyre dette løpet no på dette tidspunktet. Skulle vi først ha teke eit standpunkt burde vi ha teke det langt tidlegare, seier han.

Han meiner avgjerda i saka vil skje uavhengig av kva Høgre meiner.

– Dette er ei sak som kjem til å bli avgjort av Sp og Ap i regjering, Høgre vil truleg ikkje ha noko dei skulle ha sagt, seier Hjelle til NRK.no.

– Korleis blir å drive valkamp i Eid og Gloppen no?

– Det blir veldig vanskeleg. Ein ønskjer ei blå regjering og ein ny statsminister, men det å reise rundt å profilere ein stortingskandidat som har svikta heile midtre Nordfjord på denne måten, slik Bjørn Lødemel har gjort, det blir vanskeleg, seier Hjelle.

Han legg til at han håpar dei ikkje får problem med utmeldingar, og meiner ein heller bør ta kampen.

– Det er betre å ta kampen, slik vi gjer her i dag og slik vi skal gjere framover, seier han.

– Veldig skuffa

Også leiar i Gloppen Høgre, Olin Johanne Henden, har vanskeleg for å skjule at ho er svært skuffa.

– Eg synest det er veldig beklageleg. Her har vi stått samla saman med stortingskandidat Bjørn Lødemel på at S-en (inneber bru over Lote-Anda red. anm) er det beste alternativet vi kunne bli samde om, og det som ville gje størst regional nytte.

– Så opplever vi at Lødemel har ombestemt seg og at vi no går for ein annan trase, seier Henden til NRK.no.

Ho er svært skuffa over prosessen, og meiner dei ikkje fekk høve til å gjere greie for alternativet som Gloppen Høgre har kjempa for, nemleg det midtre trasevalet.

– Utmatta og lei oss

Til liks med Tore Hjelle i Eid Høgre trur Henden det vil bli vanskeleg å drive valkamp.

– Vi har fått reaksjonar frå medlemmer, også langt utanfrå den inste krets, på at dette er veldig negativt for oss. Eg veit ikkje korleis vi skal greie å drive valkamp.

– Vi får ta oss ein prat. No er vi ganske utmatta og lei oss, så vi får samle oss og vurdere kva vi skal gjere vidare.

– I kva grad fryktar du utmeldingar?

– Det har vore dei som har snakka om at dei vil melde seg ut, men eg håpar vi kan unngå det.

– Vi har Høgre i våre hjarte, og det er veldig mange andre saker som er viktig å kjempe for. Difor er det viktig med ei ny regjering, og vi ønskjer Erna Solberg som ny statsminister.

Må på plass snarast råd

Årsmøte skriv at dei meiner ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim må realiserast snarast råd.

For Sogn og Fjordane sin del meiner dei at gul midtstripe er første mål, men det er også viktig at ein får på plass fjordkryssing av både Sognefjorden og Nordfjorden om E39 langs Vestlandet skal fungere normalt.

Sogn og Fjordane Høgre meiner at indre trase med bru ved Svarstad, er den mest framtidsretta løysinga på strekninga mellom Skei og Ålesund. Dei viser til at denne løysinga tek utgangspunkt i Kvivsvegen, som allereie er bygd, og at den skapar ein ny arbeidsregion i Nordjord mellom Byrkjelo/Sandane i Gloppen og Stryn.

Sogn og Fjordane Høgre ønskjer at vegen mellom Byrkjelo og Sandane skal rustast opp med gul midstripe som ein del av løysinga. Eventuelt ønskjer dei at ferjesambandet mellom Lote og Anda vert halde oppe som fylkesferjesamband med avgangar kvart 30. minutt.

Bjørn Lødemel på fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Høgre

FEKK KRITIKK: Stortingsrepresentant og førstekandidat Bjørn Lødemel måtte tole kritikk for at han snudde i saka nyleg. Her saman med nyvalt leiar Olin Johanne Henden i Gloppen Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK