Hopp til innhold

Høg temperatur og harde ord i debatten om gruvedrift i Vevring

Frontane er steile i spørsmålet om gruvedrift i Vevring i Naustdal, og partane tar stadig sterkare ord og karakteristikkar i bruk.

Lars Haltbrekken og Hanne Markussen Ek

STEILE FRONTAR: Leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken og styreleiar Hanne Markussen Ek i Norsk Bergindustri i oppheta debatt om gruveplanane i Vevring.

Foto: Fotomontasje: Scanpix/Pressefoto

Nordic Mining har i åtte år jobba for etablere ei gruve i Vevring i Naustdal. Selskapet ynsker å vinne ut 200 millionar tonn rutilmalm over ein periode på 50 år i Naustdal.

Gruveavfallet skal dumpast i fjorden, noko som gjer prosjektet svært omstridd. Det skal investerast for 2 milliardar kroner og det vil bli skapt 170 arbeidsplassar.

Men åtte år, 60 rapportar og 110 millionar etter oppstarten er det framleis uklart når avgjerda om gruvedrift i Naustdal kjem.

Miljørørsla er samfunnsfiendtleg som er med på trenere saka om gruvedrift i Naustdal. Det meiner Norsk bergindustri. Dei bør beklage slike utsegn, svarar miljørørsla, som meiner gruveforkjemparane byrjar å bli desperate.

Onsdag møttest leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken og styreleiar Hanne Markussen Ek i Norsk Bergindustri til radio-debatt.

HER KAN DU FÅ EIN KORT GJENNOMGANG AV GRUVESAKA:

Laster innhold, vennligst vent..