Hopp til innhold

Ho skal lære 180 barn og vaksne å berge seg

FLORØ (NRK): Dei fleste barn lærer å symje av foreldra sine. Men når foreldra ikkje kan symje, kor skal då barna lære det?

Lærer vekk trivsel i vatnet

TRIVSEL I VATN: Instruktør Sonja Olsen deler ut ringar som barna skal hente på botn av bassenget.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

I det minste bassenget i badeanlegget Havhesten i Florø, syner symjeinstruktør Sonja Olsen tolv barn med minoritetsbakgrunn korleis ein kan blåse bobler i bassengvatnet.

To av ti barn med minoritetsbakgrunn klarar ikkje å halde seg flytande i vatn, og heile sju av ti kan ikkje symje 200 meter. Det syner tal frå Norges Svømmeforbund og Gjensidigestiftinga. Ein av grunnane er at foreldra ikkje kan symje.

Dei tolv barna i Florø deltek på eit symjekurs over ti kveldar, der målet er å gjere barna tryggare i vatnet. Kanskje kan dei også lære å symje.

Havhesten Florø

HAVHESTEN: Det er i badeanlegget Havhesten i Flora kommune symjekursa vert halde.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Populært kurs

Det er Frivilligsentralen i Florø som arrangerer symjekurs for personar med minoritetsbakgrunn. No vert det halde kurs for barn, og etter jul startar kurs for vaksne.

Responsen var stor då leiar Bente Nilsen i haust annonserte tilbodet på kommunen sin nettstad. Til no har så mange som 180 meldt seg på kurset, som er gratis.

– Først og fremst må vi finne ut kva ungane kan, og så skal vi lære dei å symje. Men først må vi lære dei å flyte og å vere trygge i vatnet. Fordi alle som kan flyte, kan redde seg sjølv, seier instruktør Sonja Olsen.

Basseng Havhesten Florø

GRUNT BASSENG: I dette bassenget øver barna på å flyte, før dei prøver seg i eit djupare basseng.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

- Vatn over alt

Olsen får dei tolv ungane til å flyte med magen opp, og beina inntil ein stor sopp midt i det grunnaste bassenget. Nokre får til oppgåva med ein gong, medan ein gut dukkar hovudet under og får klorvatn i nasen.

Olsen kan ikkje få understreka nok kor viktig det er at barna kan symje.

– Her er det vatn over alt. Vi har vatn nær skulane, og nær der folk bur i kommunen. Det er viktig at ungane kan berge seg sjølv dersom dei skulle falle i vatnet, seier Olsen.

Kursar minoritetar i symjing

FRIVILLIGSENTRAL: Bente Nilsen synst det er kjekt at so mange er interessert i å lære seg å symje.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Viktig å kunne symje

– Når barn som ikkje kan symje kjem til Noreg, må også dei få mogelegheit her til å kome opp på eit greitt nivå, seier Bente Nilsen.

Frivilligsentralen har fått pengar frå Fylkeskommunen for å betale for kursa til minoritetselevar i grunnskulen. Men når symjetilbodet synte seg å vere så populært, også for vaksne, strakk ikkje pengane til.

Difor fekk symjeopplæringa også 50.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og enno er ikkje behovet i Florø dekka.

– At 180 hadde lyst på symjeopplæring, syner at behovet er enormt. Dei vaksne har lyst til å lære seg å symje, og til å vere trygge i vatnet saman med ungane sine. Det er frykteleg viktig å kunne symje i Noreg, seier Nilsen.