Brit Siv Fimland - SOMMARTOPPTUR PÅ SKI: Brit Siv Fimland er ikkje ferdig med sesongen enno. - Foto: Privat /

SOMMARTOPPTUR PÅ SKI: Brit Siv Fimland er ikkje ferdig med sesongen enno.

Foto: Privat

Ho er ikkje ferdig med skiturane

På kalenderen bikkar vi snart over på juli, men framleis er det dei som legg toppturskia i skiboksen og set kursen mot nærmaste topp med nok snø.

Brit Siv Fimland er mellom desse. Måndag denne veka gjekk ho saman med vener via Lundeskaret til Søgnesandsnipa over Kjøsnesfjorden i Jølster, 1548 meter over havet.

– Kontrastane i naturen er flotte på denne tida, og når det ligg att såpass mykje snø som det gjer i år blir det flotte turar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Brit Siv Fimland på topptur - DETTE ELSKAR HO: På veg til topps. - Foto: privat /

DETTE ELSKAR HO: På veg til topps.

Foto: privat

Brit Siv Fimland har brukt toppturane på ski som ein viktig del av kampen sin mot kreft.

Planlegg ein tur i juli og

Men ho er ikkje åleine om å elske toppturar på ski så høgt at dei sveittar seg til topps med tunge ski og sko medan andre ligg rett ut i varmen i låglandet i juni.

– Vi er ein gjeng som går i lag, den forrige turen var til Sandfjellet mellom Angedalen i Førde og Naustedalen, og så har vi vore fleire turar på Grovebreen.

Topptur mot Sandfjellet - TUNGT, MEN FLOTT: På veg opp på Sandfjellet. - Foto: Brit Siv Fimland /

TUNGT, MEN FLOTT: På veg opp på Sandfjellet.

Foto: Brit Siv Fimland

(Artikkelen held fram under biletet).

Og dei har planar om ein tur i juli og.

– Det blir anten Kvitefjell på sørsida av Jølstravatnet eller Storehesten.

Men Brit Siv er ikkje så hekta på toppturar at ho ikkje får med seg låglandsaktivitetar. Då nrk.no snakka med henne var ho på veg til ein padletur.

Topptur - FRISK UNNAKØYRING: Her får dei løn for strevet i motbakkane. - Foto: Brit Siv Fimland /

FRISK UNNAKØYRING: Her får dei løn for strevet i motbakkane.

Foto: Brit Siv Fimland
Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.