Hopp til innhold

Ho er blant ti finalistar i gründertevling

Anne Lise Øvrebø som driv sin eigen smykkeverkstad på Ålhus i Jølster, er ein av ti finalistar som tevlar om tittelen «Årets landlege spire».

Anne Lise Øvrebø

NOMINERT TIL PRIS: Smykkekunstnar Anne Lise Øvrebø er ein av ti nominerte i ein interiørkonkurranse.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Øvrebø både lagar og sel sine eigne smykke frå verkstaden på Ålhus. I 12 år har ho drive verkstaden, og i fjor auka etterspurnaden kraftig. No har arbeidet hennar blitt lagt merke til av endå fleire, for no konkurrerer ho med ni andre om ein pris for arbeidet hennar.

– Det er ein pris som interiørmagasinet «Lev Landlig» og Landkreditt Bank arrangerer. Det er ein ny pris der dei set fokus på gründerar som driv slik som eg gjer, rett og slett landleg, fortel smykkekunstnaren.

– Mange har stemt allereie

Ho kom over konkurransen i magasinet og tenkte at ho kunne sende inn nokre bilete og litt informasjon om bedrifta si.

– Eg tenkte ikkje så mykje meir på det før eg fekk ein veldig kjekk epost om at eg var ein av dei ti som dei hadde vald ut, seier Øvrebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Lise Øvrebø

MYKJE ARBEID: Øvrebø har nok å gjere, og det er stadig nye bestillingar.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Dei fem som får flest stemmer går vidare til neste runde i konkurransen, og Øvrebø har allereie fått fleire stemmer.

– Det veldig kjekt om nokon har lyst å stemme på meg. Mange har gjort det allereie. Folk er veldig ivrige og snille.

Vald ut blant 70 påmelde

At ho i det heile har hamna blant dei ti nominerte er ei stor ære, fortel Øvrebø.

– Det var utruleg overraskande og veldig stas. Dei kunne velje mellom 70, så når eg er blant dei ti er det ei bekrefting på at dette er verdt å satse på. No er jo målet sjølvsagt å gå vidare, seier ho.

I neste runde er det ein jury som skal velje ut vinnaren, og i første omgang er målet til Øvrebø er å komme seg vidare til denne delen av konkurransen. I mellomtida har ho nok å gjere på smykkeverkstaden.

– Det er veldig mykje som skal gjerast ferdig før eg kan ta fri. Eg har veldig mange idear, så det blir ikkje noko stopp på den sida, så det er berre å byggje vidare.

Ringar laga av Anne Lise Øvrebø

NATUREN SOM RAMME: Det vert mange ringar i sommarsesongen

Foto: Anne Lise Øvrebø

Facebook kan du sjå fleire av smykka til Anne Lise, omkransa av Jølster-naturen.