Hopp til innhold

Hjorten Einar var døden nær - men sjå på han no!

LUSTER (NRK): I desember i fjor låg hjortekalven Einar livlaus på ein traktorveg, og ettersøksringen hadde fått beskjed om å komme og avlive dyret. Men så fekk han ein ny sjanse.

Hjorten Einar, Luster

I FORM: Når ein ser hjorten Einar i dag, er det vanskeleg å tru at han i desember stod med ein klauv i grava.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Han var veldig svak. Men dei tok han med inn til oss for å sjå om vi kunne klare å få han på føtene att, fortel Siv Merete Marås på hjorteoppdrettet Marås Hjort i Mørkridsdalen i Luster.

Det var ein forkomen krabat som tusla inn på tunet på hjortegarden.

– Mykje snø i kombinasjon med at han mest truleg hadde komme vekk frå anten mora eller resten av flokken, førte til at han hamna i ein slik situasjon, seier Marås.

Har berga mange dyr

Godt stell og mykje mat har gjort til at Einar i dag er både frisk og rask.

Og han er ikkje den første hjorten som har fått hjelp inst i Luster.

– Vi har ein suksessrate på 100 prosent på dei vi har fått inn som kalv. Det er vi veldig glade for, seier Marås.

Det går med mykje høy, kraftfôr, gulrøter og kvister og greiner.

Hjorten treng hjelp for å overleve vinteren

BRYR SEG: Mange tek grep og hjelper hjortedyra når dei ikkje klarar å skaffe seg mat sjølve. Foto/redigering: Elias Engevik

Marås legg ikkje skjul på at ho får eit spesielt forhold til dyra, sjølv om dei i utgangspunktet er ville dyr.

– Det blir noko eige med det, seier Marås.

Alle hjortane får namn, ofte vert dei kalla opp att.

– Einar er kalla opp att etter oppsynsmannen i Luster, Einar Fortun. Vi må ære dei som er med og reddar dei, seier Marås.

Glad for at mange hjelper hjorten

Sjølv om dyra som har komme til hjortegarden har komme godt frå vinteren, er det mange hjortar som i vinter har møtt sitt endelikt på grunn av matmangel og mykje snø.

– Vi har sett korleis dei har slite. I tillegg er det svært mange som har vorte påkøyrde i år. Det er veldig trist. Men vi veit også om at det er folk som hjelper og fôrar rundt omkring, og det er veldig positivt, seier Marås.

Pensjonert naturoppsynsmann Einar Fortun er glad for at det finst bønder som fôrar hjorten når vintrane er harde.

– Skal ein hjelpe hjorten, bør ein fôre litt på mange stadar, slik at alle får. Med fôring hindrar ein også at hjorten vert påkøyrd, for då trekkjer den ikkje ned til vegen for å leite etter mat, seier Fortun.