Hopp til innhold

Balestrand har fått sitt fyrtårn for reisande

I dag kom skulpturen «Fyrtårn for reisande» av Geir S. Hjetland på plass i Balestrand sentrum.

Fyrtårn for Reisande

PÅ PLASS: Kunstnar Geir S. Hjetland ved sidan av skulpturen.

Foto: Robert Jan Leerink

– Skulpturen kom på plass i parken i Holmen i dag, og det er eit flott syn, fortel Bjørn Skanke Sande.

Han var med og tok initiativ til kronerullinga som trengdest for å få på plass skulpturen som har kosta om lag 900.000 kroner. Balestrand kommune har ytt over halvparten, medan både bedrifter og privatpersonar har spleisa på resten.

Skal ha både lys og lyd

Sjølv om skulpturen no er på plass, står det framleis att ein del arbeid før han er klar til avduking under Norsk Drikke-festivalen i Balestrand 20. oktober.

– Det skal mellom anna tilpassast lys og lyd slikt. Det vert eit spektakulært syn når det er ferdig, seier Sande.

Skulpturen står godt plassert nede ved fjorden, og er tenkt godt synleg også for dei som kjem fjordvegen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fyrtårn for Reisande

TUNGE TAK: Det er ikkje berre berre å få på plass skulpturar på godt over ti meter.

Foto: Robert Jan Leerink

Har skapt engasjement

– Det skal vere ei flott lyssetjing, så dette trur eg blir eit flott syn, seier Sande.

Det har teke kunstnaren vel eitt år å lage skulpturen, og Sande fortel om eit stort engasjement frå folk i bygda i høve skulpturen.

– Engasjementet har vore stort. Det har vore eit klart ønskje frå folk at Balestrand skulle få ein eigen skulptur frå Hjetland, seier Sande.