Hopp til innhold

Hjelpekorpsfolk berga brannstasjonen i Lærdal - tømde 160 brannsløkkingsapparat

Folk frå Røde Kors hjelpekorps i Lærdal tømde 160 brannsløkkingsapparat for å berge brannstasjonen og hjelpekorpshuset under brannen på Lærdalsøyri.

Brannstasjonen i Lærdal

VART BERGA: Brannstasjonen (til høgre ) og hjelpekorpshhuset i Lærdal står framleis, takka vere innsats frå hjelpekorpsfolk.

Foto: Jan Christian Jerving

Dette kom fram då Røde Kors hjelpekorps i Lærdal og Aurland og Norsk Folkehjelp i Årdal i går kveld hadde debriefing etter storbrannen natt til 19. januar.

Distriktsrådsleiar for hjelpekorpsa i Sogn og Fjordane, Stian Antonsen, seier hendinga var ei ny oppleving for dei nesten 60 frivillige frå Røde Kors Hjelpekorps og Norsk Folkehjelp.

– Det var ein kaotisk situasjon dei kom opp i, men alt i alt fungerte det bra.

Hovudoppgåva deira var å evakuere folk, banke på eller slå inn dører og vere med og opprette mottak, registrere dei evakuerte og bemanne sperrepostar.

Tømde 160 pulverapparat

Men i tillegg var folk frå hjelpekorpsa også med på å hindre at brannstasjonen og hjelpekorpshuset gjekk med i brannen, fortel Antonsen.

– Berre folka frå Lærdal tømde 160 pulverapparat rundt brannstasjonen for å berge brannstasjonen og sitt eige korpshus, så dei gjorde ein stor innsats for å berge brannstasjonen, vil eg påstå.

Kongeparet på besøk i Lærdal

TAKK FRÅ KONGEN: Trygve Skjerdal frå Aurland var den som representerte Røde Kors hjelpekorps då kongeparet takka for innsatsen under storbrannen i Lærdal.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Handlingens folk

Antonsen seier brannatta var ein ekstrem situasjon som han håpar dei aldri meir får oppleve. Men i det store og heile meiner han hjelpekorpsfolka i indre Sogn har god grunn til å vere nøgde med innsatsen.

– Dei som er i innsats i Sogn og Fjordane, både dei frivillige og dei profesjonelle, er handlingens folk. Dei veit å ta tak i ting når det først skjer noko så alvorleg som dette.