Hopp til innhold

Hjelpekorps frå heile fylket stiller opp i leiteaksjonen

Hjelpekorps frå Røde Kors frå heile fylket stiller i morgon opp i den omfattande leiteaksjonen som er planlagd i Sogndal. Saman med politi og friviljuge skal dei leite etter sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

STILLER OPP: Mannskap frå hjelpekorps i heile fylket stiller opp i leiteaksjonen laurdag.

Foto: Christain Blom / privat

– Vi har fått ein veldig imponerande oppslutning om aksjonen vi skal ha i morgon. Det er korps både frå Sunnfjord, Nordfjord, Ytre- og Indre Sogn. Fram til no så har vi nesten 90 hjelpekorpsmedlemmer på blokka, seier Geir Ove Optun i Sogn og Fjordane Røde Kors til NRK.

Skal søke i elv og terreng

– Kva tenkjer du om at så mange så mange vel å bruke helga og stiller opp i denne aksjonen?

– Det har vore veldig fokus på dette. Når vi har moglegheit til å hjelpe til med folk og kunnskap, så synest eg det er positivt. Vi skal gjere det vi kan for å hjelpe til. Ut frå slik saka står i dag, så har alle over 18 år i hjelpekorpsa moglegheit til å vere med på aksjonen laurdag.

Røde Kors sine folk skal ha to primæroppgåver i samband med leiteaksjonen laurdag, søk i elva og søk i ulike teigar.

– Det er sjølvsagt viktig å kunne sjekke ut område og gjere oppgåva vår der. I tillegg er det ytra ønske om at andre frivillige stiller opp, det er bra, meiner Optun.

Vonar å kome nærare

NRK omtala tidlegare fredag at politiet har hatt mange inne til avhøyr om forsvinningsmysteriet. Med leiteaksjonen laurdag vonar politiet å kome nærare ei forklaring på kva som kan ha skjedd med Veronica.

– Det er ein stor operasjon. Den dagen vil vere viktig. Vi må gjere oss ferdig med nærområdet rundt huset, slik at vi er sikre på at ho ikkje er der, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Har fått tips om etterlyst bil

Torsdag gjekk politiet ut med vitneobservasjonar av tre folk og ein kassebil som stod parkert eit par hundre meter frå huset til Veronica søndag 26. oktober.

– Vi har fått inn tips knytt til den meldinga, og det vert jobba med å avklare dette. Det er også kome inn fleire andre tips knytt til køyretøy i det området i den tida. Så det er opplysningar som fortløpande blir vurdert og eventuelt teke vidare inn i etterforskingsfasen, slår Karoliussen fast.

Sivile som ynskjer å delta i søket må møte opp på Røde Kors-huset i Sogndal mellom 09.30-10.00 for å bli plassert i lag med erfarne hjelpekorpsarar. Politiet seier at det er viktig at ein ikkje begynner med søk i området på eiga hand.