Hopp til innhold

Historisk god bringebærproduksjon

Vi får rett og slett ikkje nok bringebær, trass i at det vart produsert 1,4 millionar kilo bringebær i fjor.

Bringebær i november på Biri

SMAK AV SOMMAR: Totalt konsumerte vi 1,4 millionar kilo bringebær i fjor, og Sogn og Fjordane produserer mest.

Foto: Harald Eikrem Tusvik

– Det er noko av det meste vi har hatt, seier Stein Harald Hjeltnes, dagleg leiar i Njøs næringsutvikling.

Sogn og Fjordane står for 75 prosent av den norske bringebærproduksjonen. I fjor vart det produsert 1,4 millionar kilo bringebær.

Den store produksjonen skuldast at vêret i fjor passa bringebæra godt. I tillegg starta sesongen og det var gode prisar.

– Bringebær er motoren

Hjeltnes seier 2014 vart eit jamt godt år for frukt- og grøntproduksjonen i fylket. Unnataka var morella i Lærdal, som fekk skade på grunn av frostnatta i blomstringa, og plommene i Sogn som fekk store skader av dompap.

– Elles var det jamt brukande på alle kulturar i fjor, seier Hjeltnes.

Bringebær i november på Biri

RAUDE BÆR: Bringebærproduksjonen i fjor var på 1,4 millionar kilo i Sogn og Fjordane.

Foto: Harald Eikrem Tusvik

Samla fyrstehandsverdi av frukt- og grøntproduksjonen i Sogn og Fjordane passerte 119 millionar kroner i 2014. Fyrstehandsverdien er den verdien som fruktlagera sel vara sine for.

Totalt vart det produsert 1,4 mill. kg bringebær, der i underkant av 600 tonn vart sende ut som konsumbær, resterande går til industrien og kjem att som syltetøy, jus, sausar og andre godsaker.

Sogn i Fjordane har historie for å vere eit bringebærfylke og vi har eit veldig godt klima for bringebærproduksjon her i fylket, seier Hjeltnes, som seier satsinga på konsumproduksjon har vore viktig.

Ber fleire frukter i fylket

Morellane i Lærdal hadde like stor verdi for produsentane som den samla eple-produksjonen i fylket, dette trass i den betydelege frostskaden som var natt til 1. mai.

– Det er absolutt ein milepæl. Det har vore satsa på morellar i lang tid i Lærdal, og no ser vi at verdien dei siste åra har vakse veldig.

– Det er mange felt der enno som ikkje har kome i full produksjon og vi hadde frostskade på blomen i fjor. Så produksjonen vil auke veldig framover, seier han.

Hjeltnes seier etterspørselen etter frukt og grønt er større enn dei greier å mette.

– Vi greier ikkje å produsere nok. Det er underskot på alt. Utfordringa er at vi er for få og produserer for lite. Så det er ein større marknad for alt, seier Hjeltnes.