Hopp til innhold

– Havilafjord kom aldri med noko konkret bod, seier Følling

Fylkesordførar Jenny Følling avviser at ho og administrasjonen har halde tilbake informasjon.

Fylkesordføraren om mindre hemmeleghald, jakta på nye styremedlemmer og det mykje omtalte bodet frå Havilafjord og Per Sævik. Reporter: Erlend Blaalid Oldeide

HØYR LYDKLIPP: Fylkesordførar Jenny Følling om Fjord1-bråket. Intervjuar: Erlend Blaalid Oldeide

– Men administrasjonen hadde tent på å orientere oss om den saka, erkjenner Følling.

Hasteinnkalt

Fylkesutvalet var hasteinnkalla til telefonmøte, etter at fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane vakna til det førebels siste kapittelet soga rundt salet av Fjord1.

Fredag kunne avisa Firda avsløre at det skal ha komme bod på Fjord1 som aldri vart lagt fram for fylkespolitikarane.

Ifølgje Firda kom minoritetseigar Per Sævik hans Havilafjord AS med eit tilbod og ein pris som nesten matcha Torghatten. Det var informasjon som fylkesordføraren og fylkesrådmannen valde å ikkje legge fram for fylkespolitikarane.

Per Sævik

VILLE KJØPE: Minioritetseigar Per Sævik eig 41 prosent av Fjord1 gjennom selskapet Havilafjord.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Denne løysinga ville ha gitt fylkeskommunen milliardinntekt, sa sunnmørs-milliardæren til avisa.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok som kjent måndag å selje sin eigarpost i Florø-reiarlaget til trafikkselskapet Torghatten. Fylkesordførar Jenny Følling og hennar Senterparti var blant dei 16 som med ei røyst overvekt gjekk inn for sal.

Opplysningane i Firda om eit ukjent bod på selskapet, vakte oppsikt og fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, som gjekk i mot sal av Fjord1, bad om hastemøte på telefon i fylkesutvalet.

– Ikkje bod, e-postar om forhandlingsmoglegheiter

Etter møtet i fylkesutvalet avviser Følling at ho og administrasjonen har halde tilbake informasjon. Ho vil ikkje gå med på at Sævik sin kontakt med fylkeskommunen like før behandlinga av Torghatten-salet, kan kallast eit reelt bod.

– Fylkeskommunen har stått på at alle bodgjevarane skal bli likt behandla, og at fristane som vert sett med å komme med bod vert haldne. Og det må ligge føre formelt korrekte bod. Ein har følt den prosessen fylkesutvalet har sagt at fylkesrådmannen skal ha i saka. Og når det kjem inn bod på overtid, eller det kjem ikkje bod, men epostar om at her kan det vere forhandlingsmogelegheiter og når saka er lagt fram med ei tilråding og ein av aktørane, ein av bodgjevarane, prøver å få ekstra speletid, då har ein ikkje følgt spelereglane, seier Følling.

Ho oppfatta at det var konsensus i fylkesutvalet fredag.

– Dei tok orienteringa til etterretning. Det var sagt i møtet at ein var glad for at ein har halde spelereglane, men også at administrasjonen hadde tent på å orientere oss om den saka.

MF Boknafjord

BLIR SELD: Sogn og Fjordane fylkeskommune sel reiarlaget Fjord1 til konkurrenten Torghatten.

Foto: Nyhetsspiller

– Må følgje spelereglane

– Er ikkje dette informasjon som fylkestinget burde fått vite om før dei skulle ta ei så viktig avgjerd?

– Det kunne vore relevant å informere om dette. Men det var på overtid. Og fylkesutvalet meiner fylkesrådmannen har handtert dette heilt korrekt. Og dei førespurnadene eg har fått i saka har eg ruta rett til fylkesrådmannen. Her er det nokon som vil spele på overtid og ha andre spelereglar og det opnar faktisk ikkje prosessen for.

Andre spelereglar seier du, men det er snakk om minoritetseigaren som de samarbeider med og eig selskapet med, Per Sævik og Havilafjord?

– Men det er og bodgjevaren, saman med andre bodgjevarar. Og alle skal ha like spelereglar. Dersom ein opnar for at ein bodgjevar skal ha andre spelereglar, så måtte ein ha opna for alle andre. Det låg føre heller ikkje noko konkret bod, det var heilt i det uvisse kva ein meinte med det. Slik at det var eit spel på overtid etter at saka vart lagt fram, seier Følling.