Hopp til innhold

Så tettpakka blir det definitivt ikkje i dag

Vêrgudane har så langt svikta påskefjellet i år. Det har ført til fulle badeanlegg i fylket.

Hektisk skjærtorsdag i Trivselshagen

LANG KØ: Badande måtte bu seg på noko kø då dei skjærtorsdag oppsøkte Trivselshagen på Sandane.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

For ei så langt snøfattig og våt påske har leia folk frå påskefjellet til badehallane i fylket.

I Trivselshagen på Sandane var kring 600 innom badeanlegget skjærtorsdag. Same dag sette Lustrabadet i Gaupne ny besøksrekord med 700 gjester.

– Vi har opplevd mykje folk før, men skjærtorsdag var heilt ekstraordinær. Eg trur ikkje det blir like mange i dag, for å seie det slik, seier dagleg leiar Ola Tarjei Kroken.

No kjem sola

Ola Tarjei Kroken

DAGLEG LEIAR: Ola Tarjei Kroken er dagleg leiar i Trivselshagen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

For no kjem finvêret til Vestlandet og Sogn og Fjordane. Det betyr ikkje meir snø verken for langrennsløyper eller skitrekk, men det betyr at dei som ynskjer det kan feste ski på beina og legge i veg der det er høve til det.

Det er i alle fall høve for uteaktivitetar i større grad enn tidlegare i påska.

– Folk kom nok spesielt i går ettersom det var dårleg vêr og dei visste at finvêret skulle komme. Det blir jo strålande resten av påska, og då er greitt å få gjort unna inneaktivitetane, seier Kroken.

Full aktivitet i hallen

Bassenget har ein kapasitet på kring 200 personar i slengen, og Kroken fortel det var jamt tilsig gjennom heile skjærtorsdagen. Men det var ikkje berre i plasking i bassenget folk søkte.

– I tillegg til dei 500–600 som var innom badeanlegget, så var det full aktivitet i klatreveggen og hallane, seier Kroken.

– Det vart nok litt meir enn det vi venta, men det er berre kjempekjekt at folk nyttar seg av anlegget. Det er jo det vi ynskjer, held han fram.

Godt i Luster

Lange køar har det også vore for badande i Luster denne påska. Søndag sette dei ny besøksrekord med 474 personar. Skjærtorsdag vart denne nær dobla med 876 gjester, opplyser dei på sine Facebook-sider.

Det er godt nytt for eit badeanlegg som gjekk med ein million kroner i minus i sitt første heile driftsår.