Hopp til innhold

Her var det kaldast i landet i natt

Alle målestasjonane i Sogn og Fjordane noterte seg med minusgrader natt til laurdag. Kaldast i fylket, og i landet, var det på Filefjell, der det i natt var nede i 26,4 minusgrader.

Vinter på Filefjell

ISKALDT: Filefjell var kaldaste staden i landet natt til laurdag. Biletet er frå ein tidlegare vinterdag med bitande kalde minusgrader.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det har vore veldig kaldt i heile Sogn og Fjordane, konstaterer Geir Ottar Fagerlid, statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Han seier det fleire stader i fjordfylket har vore tosifra minusgrader.

Nokre observasjonar laurdag morgon:

  • På Tefre i Førde – 12,7 minusgrader
  • På Kroken i Stryn – 9,8 minusgrader
  • På Sandane – 5 minusgrader
  • På Takle i Gulen – 5,3 minusgrader

Heilt frå kysten og inn til høgfjellet i fylket har det altså vore blå grader denne vinternatta, og skal ein tru på prognosane frå meteorologane vil det halde fram i same stil dei neste dagane.

– Det blir ikkje dei store endringane i temperatur og vêrforhold framover. Det kan bli litt meir skyer i morgon, men både dagen i dag og morgondagen blir det stort sett fint vêr, seier Fagerlid.

Han kan love sol i lange periodar og seier dei bitande kalde gradene vil falle endå lågare om nettene. Det gjeld for både natt til søndag, måndag og tysdag.

– Det kjem inn litt snøbyer mot kysten av Nordfjord og andre delar av Nordfjord i morgon kveld, men elles er det lite nedbør å sjå i dagane framover.