– Verdien på korta kan variere frå ti og fleire tusen kroner. Om to personar er interessert i eitt spesielt kort, kan det gå mykje opp i pris under auksjonar.
Talsethagen fortel at postkort med bilete av båtar, fly, jernbaner og jernbanestasjonar er verdt mykje. Gamle bilar og bussar er plar også å ha høg verdi.
– Det er lurt å leite heime i gamle kister, og sjå om ein kan finne nokre verdifulle postkort, seier 75-åringen.
- Les også:
Problemet er kva ein skal gjere med korta om ein ikkje lenger har nokon glede av dei.
– Etterfølgjarane våre er ikkje spesielt interesserte. Dei er heller interessert i å selje korta og få pengane, humrar sogndølen.
Over hundre år gamle
Talsethagen har samla på postkort i 30 år. Han er på plass på den årlege samlarmessa på Skei for 26. år på rad, og har vore med heilt sidan oppstart.
– For oss samlarar er dette årets høgdepunkt. Vi kryssar av i kalenderen, og veit allereie kva dato messa skal vere til neste år.
På bordet i kafeen på Audhild Viken vevstove plasserer Talsethagen ein stor sølvkoffert. Han hentar fram finsorterte postkort i svart-kvitt. Nokre er over hundre år gamle.
– Her har vi postkort frå Måløy, Gloppen, Selje, Stadlandet, Nordfjord, Jølster, Førde, Sunnfjord og Stryn.
Korta skal han selje på samlarmessa. Sine eigne samlingar ligg heime i store album.
– Dei tek eg godt vare på.
- Les også:
Av verdifulle postkort har 75-åringen om lag 500. Til saman har han mellom 3.000 og 4.000 kort av ulike kategoriar.
– Eg tar dei opp og ser på dei ganske ofte, men ikkje alle då sjølvsagt.
Kongeleg kassebil
Mellom 20 og 30 filatelistar frå både Sogn og Fjordane, nabofylka i nord og sør, og til og med frå Oslo, er på plass på Skei laurdag. Nesten alle er grå og tynne i håret, for det er visst ikkje så mange unge som er interessert, med denne gjengen er i alle fall det.
Midt i kafeen ligg gamle brev, postkort, frimerke, setlar og myntar strødd utover eit langbord. Dei eldre småjoggar bort så fort dei får moglegheita.
- Les også:
Aage Halkjelsvik legg merke til eit album med gamle postkort i. For å få ein nærare kikk, lettar han albumet forsiktig opp og hentar fram brillene. Smilet kjem fram då han legg merke til eitt spesielt postkort.
– Denne kassebilen blei bygd i Ørsta, der eg kjem frå. Bilen blei sendt til Kongehuset.
På biletet leikar to små jenter med kassebilen. Under biletet står teksten: «Prinsesse Ragnhild og Astrid. Oslo, 37».
– Dette skal eg kjøpe, seier Halskjelsvik bestemt.