Hopp til innhold

Her seier dei nei til fleire flyktningar - sjekk din kommune

Berre eit fåtal av kommunane i Sogn og Fjordane har svart innan fristen på om dei vil ta imot fleire flyktningar i 2015 og 2016. Mange er likevel positive, men har ikkje fatta formelt vedtak.

Leirvik i Hyllestad kommune

IKKJE KAPASITET: Hyllestad kommune har 19 flyktningar per i dag, men kan ikkje ta imot fleire då dei manglar husvære.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ved utgangen av mars i år er det venta 5.256 personar i asylmottak, av desse er 681 born. Ventetida er i snitt no på meir enn ni månadar. I tillegg har Norge vedteke å ta imot 1.500 kvoteflyktningar frå Syria i 2015.

Fleire har teke til orde for at Norge bør ta imot 10.000 kvoteflyktningar frå Syria, men dette har regjeringa sagt nei til.

På bakgrunn av diskusjonen har inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) bedd kommunane kartleggje kor mange ekstra flyktningar dei kan busetje i 2015 og 2016. Svarfristen er i dag.

Berre to seier klart nei

Ei ringjerunde NRK har gjort, syner at berre Hyllestad seier klart nei til fleire flyktningar.

Sogndal, Årdal, Lærdal og Balestrand har enno ikkje teke stilling til saka. Hornindal vil forsøkje, men har per i dag ikkje gjort vedtak om å ta imot nokon flyktningar dei kommande åra.

Dei fleste kommunane manglar eit endeleg vedtak i kommunestyret, og viser til dette når NRK har spurt om dei er villige til å seie ja til fleire flyktningar.

Naustdal, Fjaler, Vik, Flora, Vågsøy, Jølster, Luster og Førde er positivt innstilte, men har ikkje fatta vedtak. Fleire kommunar har bedt om utsett svarfrist.

Dette svarar kommunane i Sogn og Fjordane

Kommunar

Avgitt svar per 27. mai

Askvoll

Skal 8. juni diskutere om dei kan seie ja til fleire enn dei 30 dei vil ta imot i løpet av 2015 og 2016. Signaliserer at det er lite sannsynleg at dei er i stand til å ta imot fleire.

Aurland

Balestrand

Har ikkje teke stilling til spørsmålet.

Bremanger

Eid

Ber om utsetjing, men går inn for å ta imot fleire enn dei 30 dei allereie tek imot.

Fjaler

Vil busetje ti flyktningar i løpet av året. Er positive til å ta imot fleire, men har ikkje endeleg svar før etter 22. juni.

Flora

Er spurt om å busetje 56 flyktningar i 2015 og 46 flyktningar i 2016. Men mykje tyder på at dei vil seie ja til fleire. Endeleg vedtak kjem 9. juni eller 18. juni.

Førde

Skal handsame saka i morgon, men seier ja til regjeringa sin førespurnad.

Gaular

Gloppen

Har som mål å ha 80 flyktningar på integreringstilskot til ei kvar tid. Men har ikkje teke stilling til om dei kan seie ja til fleire flyktningar.

Gulen

Er innstilt på å auke talet på flyktningar, men har ikkje gjort endeleg vedtak.

Hornindal

Har bedd om forlenga svarfrist

Hyllestad

Seier nei. Vil ikkje ta imot flyktningar i år på grunn av mangel på husvere. Men har dei siste to åra busett 19 personar.

Høyanger

Har ikkje teke stilling enno.

Jølster

Er positive til å vurdere å auke talet på flyktningar. Har vedtak på at dei skal busetje minimum 20 flyktningar i perioden 2014 til 2016.

Leikanger

Har ikkje handsama førespurnaden frå regjeringa.

Luster

Seier ja til å ta imot ti personar ekstra i år, og fem neste år.

Lærdal

Har vedteke å leggje til rette for å ta imot 60 flyktningar i perioden 2014-2017. Skal ha møte 9. juni.

Naustdal

Vil gå inn for å klare å ta imot 17 flyktningar i år og 14 neste år. Har til no ikkje teke imot nokon flyktningar.

Selje

Sogndal

Tek imot 35 flyktningar i år og aukar til 30 neste år. Skal diskutere om dei kan ta imot fleire på formannskapsmøte 4. juni.

Solund

Har ikkje busett flyktningar før, og førebuingsprosessen har teke tid. Forsøker å framskunde mottak til slutten av 2015, noko som skal handsamast i kommunestyret 11. juni.

Stryn

Har ikkje gjort endeleg vedtak, men er innstilt på å auke talet på flyktningar.

Vik

Har vedtak på mottak av 15 flyktningar i 2015 og 10 i 2016. Seier ja til oppmodinga og tek imot fire nye i 2015 og fem i 2016.

Vågsøy

Skal ta imot ti i året, men vil auke dette med fem per år. Skal opp i møte 18. juni.

Årdal

Har vedteke å ta imot to barnefamiliar og to einslege kvart av åra 2014, 2015 og 2016. Har bedd om utsett frist, då saka skal opp i kommunestyret 18. juni.

Ekspander/minimer faktaboks

Må yte ein ekstra-innsats

KS-leiar, Jenny Følling, meiner svara frå kommunane tyder på at kommunane er positive.

Men ho er klar på at det er ein utfordrande situasjon.

– Dei må gjere ein ekstra-innsats for å klare dette, seier Følling.

Jenny Følling

KOSTAR: KS-leiar Jenny Følling er klar på at innsatsen kostar ein ekstra-innsats for kommunane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ho peikar på at dei må skaffe bustadar, ha eit mottaksapparat som kan hjelpe flyktningane til å leve sine liv i kommunane, samt at dei må starte introduksjonsprogrammet.

– Men dette hastar. Burde ikkje kommunane ha dette på plass ganske raskt?

– Jau, men no må først Stortinget gjere vedtak om kva flyktningar ein skal busetje. Men det er litt tregheit i systemet fordi det tek tid å få alt på plass, seier Følling.

Ikkje dramatisk at få har halde fristen

Terje Heggheim er leiar for rådmannsutvalet i Sogn og Fjordane og sit i nasjonalt utval for busetjing av flyktningar.

Han tykkjer ikkje det er dramatisk at få av kommunane har svart innan fristen.

– Eg vil ikkje overdramatisere det. Det at rådmenn, ordførarar og fagmiljø set seg i hop og snakkar saman, men treng litt tid for å få sett kommunestyra rundt om, vil ikkje eg seie vitnar om dramatikk, seier Heggheim.