Hopp til innhold

Her røystar Ap i gruvesaka

Med eit knapt fleirtal gir Arbeidarpartiet nok ein gong si støtte til gruveprosjektet i Naustdal.

Fylkesårsmøte Arbeidarpartiet

MÅTTE TELJE: Fleirtalet var knapt nok til at teljekorpset måtte i aksjon då partiet røysta over gruvesaka.

Med 63 mot 42 stemmer støtta fylkesårsmøtet ein resolusjon frå Askvoll Ap om å seie ja til gruvedrift i Engebøfjellet og tilhøyrande sjødeponi.

– Eg er veldig nøgd. Kjempeglad. Eg trur eit ja styrkar saka, men det er trass alt regjeringa som avgjer, seier Naustdal-ordførar Håkon Myrvang etter avgjerda.

Nordic Mining ønskjer å utvinne 300 millionar tonn rutilmalm over 50 år i Engebøfjellet i Naustdal. Planen er å dumpe overskotsmassane frå gruvedrifta i eit sjødeponi i Førdefjorden.

Stor spenning før møtet

Arbeidarpartiet har så langt vore blant partia som er for gruvedrift. Men førre veke kom signal på at det var i ferd med å endre seg. NRK fortalde onsdag at partiet er delt. Dei siste dagane har Førde og Naustdal Ap vore i ordkrig om gruvesaka.

Etter avstemminga var det Askvoll og Naustdal, med ordførar Håkon Myrvang i spissen, som kunne juble. Han vann over Førde og Eid Ap, som hadde send inn forslag til årsmøtet om å seie nei til sjødeponi.

– Eg er eigentleg nøgd med utfallet. Sist gong vi stemte var det berre sju personar mot sjødeponi. No er det heile 42. No må vi sjå framover mot valkampen, seier leiar i Førde Ap, Thor Erlend Mehammer.

– Trist avgjerd

Fleire delegatar uttrykte i løpet av dagen at dei var svært usikre på kva standpunkt partiet ville lande på. Men no har partiet altså nok ein gong sagt ja til sjødeponi.

Det skuffar AUF og Ingeborg Førde.

Vi i AUF er mot sjødeponi, og trur ikkje det er bra for fjorden. At vi vedtekt å framleis støtte det, er veldig trist. Vi vil ikkje vere med å støtte eit risikoprosjekt, og det er vi som blir sitjande att med konsekvensane, seier ho.

Håkon Myrvang

JUBLA: Naustdal-ordførar Håkon Myrvang kunne juble då resultatet var klart.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK