Hopp til innhold

To ferjer i drift att på Mannheller – Fodnes

Ferjesambandet Mannheller – Fodnes blir igjen trafikkert av to ferjer. Det blir meldt om lang kø og ventetid på Mannheller ferjekai.

Ferjekø på Mannheller

SLAPPAR AV: Bilistar sjapper av medan dei ventar på å få komme over Sognefjorden i Indre Sogn.

Foto: Bente Øien Hauge

Sambandet har sidan like før klokka 14 blitt trafikkert av ei ferje. Køane og ventetida hopa seg opp på begge sider.

Men frå klokka 2020 var det igjen to ferjer på sambandet.

– Etter ruta skal det vere ei ferje frå klokka 2020, men no vil begge gå kontinuerleg til kring 2230 for å ta unna trafikken. Det blir meldt om lita kø på Fodnes, men lang kø på Mannheller, seier Camilla Einarsen ved Vegtrafikksentralen i Hordaland.

– Heng ikkje på greip

Einarsen reknar med at det fort kan gå eitt par timar før situasjonen er normalisert. Det var ferja MF Stryn som fekk tekniske problem med ein motor.

Ventetida var oppe i nær to timar både på Mannheller og Fodnes. At ikkje Fjord1 fekk ei ny ferje på plass sette sinna i kok hos mange av dei reisande. Mellom anna fordi toaletta ikkje fungerte på Fodnes.

Richard Schumann var på veg heim til Sandane etter jobb i Lærdal.

– Dette heng ikkje på greip. At ein får tekniske problem og ikkje har reserveferje å setje inn. Og det på ein fredag midt i fellesferien, rasa han.

Ferjekø på Fodnes

VENTAR: Ferjekaien på Fodnes er full av ventande bilistar.

Foto: Richard Schumann

– Her er fleire som er oppgidde. Folk med små og sure born, det er varmt, ikkje noko å drikke å få kjøpt og ein kan ikkje stå med motoren på heile tida. Det er ganske fortvilande, heldt han fram.

To timar ventetid

Richard Schumann

KRITISK: Richard Schumann er lite nådig etter ferjeproblema på sambandet Mannheller–Fodnes.

Foto: Privat

– Det er ganske kritikkverdig at ein går så pass lenge med berre ei ferje, og ikkje set inn ei reserve. Det heng ikkje på greip. Det er fredag ettermiddag i fellesferien. Dette er ikkje godt nok, sa Schumann.

Har ikkje reserveferje

Schumann etterlyser både meir informasjon og ei orsaking frå Fjord1. Han meiner informasjonen på nettsidene til Fjord1 er mangelfull.

Driftssjef Terje Stub hos Fjord1 fortalde at ferja har fått problem med motoren.

– Det er klart at dette er veldig synd og beklageleg at det skjer. Og det skjer på verste tidspunkt, på ein fredag i fellesferien med stor trafikk, sa han.

– Men kvifor set de ikkje inn ekstraferje?

– Vi har ikkje reserveferje å setje inn.

Lang ventetid på Mannheller.

LANG KØ: Grunna tekniske problem på ferja er det to timar ventetid ved Mannheller.

Foto: Bente Øien Hauge

– Merkar frustrasjon

Stub forstår at reisande blir utolmodige når dei må sitje timevis og vente på ferja.

– Det er klart at folk blir utolmodige. Det blir dei fleste av oss. Men det er ingenting vi kan gjere noko med.

– Er dette noko billettørane på ferjekaien får høyre?

– Det er klart at dei merkar at reisande blir frustrerte, men vi kan ikkje gjere noko med det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ferjekø på Mannheller

LANG KØ: Det er lang kø og ventetid på begge sider av ferjesambandet Mannheller–Fodnes i Sogn.

Foto: Bente Øien Hauge

VTS blir nedringde

Camilla Einarsen ved Vegmeldingssentralen i Hordaland opplyser like før klokka 20 at det framleis blir jobba med å få ferjesambandet i drift att som normalt.

Dei merkar stor pågang frå reisande. Ventetida er framleis halvannan til to timar på begge sider av fjorden. Det blir meldt om to kilometer lange køar.

– Vi får mykje telefonar frå ventande som lurer på når sambandet er oppe å gå at og kor lang ventetida er. Det er jo ganske lang omkøyringsveg om ein skal unngå ferja, seier ho.

– Men ferja går kontinuerleg heile tida for å prøve å ta unna. Det har den gjort dei siste fem-seks timane, legg Einarsen til.

– Mange har det verre

Bente Øien Hauge frå Lærdal håpa å komme med 15-ferja frå Mannheller. Då NRK.no snakka med henne i 15.30-tida var ho komen til Amlatunnelen og hadde framleis nokre kilometer att til ferjekaien.

Ferjekø på Mannheller

LANG KØ: – Her var det fullt, kommenterte Bente Øien Hauge då ho omsider kom seg gjennom Amlatunnelen til Mannheller ferjekai.

Foto: Bente Øien Hauge

– Alle her har sett veldig rolege og avslappa ut. Dei har lufta hundane, plukka, og tusla litt og orientert kvarandre, seier ho og er glad for at kollektivtrafikken fekk sleppe forbi køen for å unngå unødig forseinkingar.

Ho har ingenting i mot å bruke noko ekstra tid i ferjekaia.

– Bortsett frå at eg har kjøpte ein kyllingfilet, som går ut på dato i dag, som eg skulle rett heim for å steike. Eg var ikkje budd på å sitje i kø i solsteika, humrar ho og avsluttar:

– Nei, eg trur det er veldig mange som har det verre enn oss som set her på Kaupangerskogen.