Hopp til innhold

Her må du vente ei stund med å fiske

Den kalde sommaren gjer at mange fiskevatn enno er islagde. I einskilde vatn blir det kanskje ikkje råd å fiske i det heile i år.

Øvre Biskopvatn i Årdal

SEIN OPNING: Øvre Biskopvatn i Årdal ligg 1325 meter over havet. Slik såg det ut måndag 27. juli.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Leiar Vidar Moen i Årdal Jeger og Fiskarforening konstaterer at fjellfiskesesongen 2015 blir svært redusert.

– Det blir ein kontrast til fjoråret, då vi hadde ein kjempesommar med 358 overnattingar på fiskehyttene våre. No er det mange av dei gode fiskevatna som ikkje er opne. I Mannsbergvatnet er om lag 25 prosent isfritt, i Nedre Buvatnet 30 prosent.

Men i Koldedalen mellom Tyinholmen og Vettismorki er vatna heilt islagde. Moen trøystar seg med at når isen først tek til å gå, så går han fort.

– Eg køyrde forbi Tyin onsdag 1. juli. Då var det så vidt ope langs land, elles var vatnet heilt islagt. Då eg kom att måndagen etter var isen heilt vekk.

Blir neppe isfrie i år

I fjellområdet mellom Lærdal og Aurland er det mange gode fiskevatn over 1400 meters høgde. I år kan det hende at isen på mange av dei ikkje går i det heile. Ole Ramshus Sælthun har vore ein flittig fiskar kvar sommar, men i år ser det ut til å bli vanskeleg.

– Eg hadde planlagt å ta turen opp denne veka, men folk eg har snakka med seier at det ikkje er ope i det heile i Ljosegrunnsvatna. Eg veit ikkje om dei blir opne i år. I tillegg er ikkje anleggsvegen opp i området opna. Difor fiskar eg på Hemsedalsfjellet i staden.

Arnfinn Valaker

NEPPE I ÅR: I fjor kunne Arnfinn Valaker gle seg over god fangst i Ljosegrunnsvatna i Lærdal. I år blir det neppe råd å fiske der.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK