Hopp til innhold

Her ligg verdas tredje dyraste yacht – russisk multimilliardær kan vere på veg til breen

Yachten «Serene» skal ha kosta rundt to milliardar. No har båten ankra opp i Lustrafjorden.

Yachten «Serene» i Lustrafjorden

TIL ANKER: Luksusyachten «Serene» ligg her i Lustrafjorden.

Foto: NRK-tipsar

Eigaren er den russiske mangemilliardæren Yuri Scheffler. Båten skal ha kosta rundt to milliardar kroner (330 millionar dollar), og er med det verdas tredje dyraste, ifølge Business Insider.

Luksusyachten har på turen sigla frå Gibraltar torsdag, før den onsdag føremiddag kom til Norge og Bergen. Torsdag ankra den opp i Lustrafjorden.

Etter det NRK.no har grunn til å tru, er Breheimsenteret i Jostedalen og Nigardsbreen dagens turmål. Det er ikkje kjent om eigaren sjølv er om bord.

(Artikkelen held fram under biletet)

Superyachten Serene på plass i Bergen

I BERGEN: Her er superyachten ved kai i Bergen.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

«Serene» er ein av verdas største private yachtar, og den er lenger enn ei fotballbane med sine 134 meter i lengde. Den er 19 meter brei og stikk 5,5 meter ned i vatnet.

Båten har sju dekk, tolv badebasseng (både ute og inne) og har turkise neonlys som visstnok gir den eit heilt spesielt glødande lys i mørkeret.

Den har i tillegg eit utandørs kinoanlegg, to landeplassar for helikopter og ein eigen ubåt. Totalt har båten 4500 kvadratmeter, 2700 av dei rein og skjær luksus.

PS: Det er berre i underkant av eitt år sidan at luksusyachten til emiren av Qatar sigla inn Sognefjorden.

Verdens tredje dyreste yacht til kai i Bergen.

RÅ LUKSUS: Yachten er den tredje dyraste i verda.