Hopp til innhold

Her lanserer dei verdas første mobile borerobot

Selskapet bak håpar roboten skal revolusjonere byggjebransjen. I dag vart den vist fram i Gaupne, målet er å erobre den internasjonale marknaden.

Roboten vart vist fram i Gaupne i dag. Målet er å revolusjonere byggjebransjen.

VERDSNYHEIT: I dag lanserte Håvard Halvorsen og nLink boreroboten på ein byggjeplass i Gaupne.

I to år har nLink utvikla roboten på Fosshaugane Campus i Sogndal. Den skal gjere slutt på at arbeidsfolk slit seg ut når dei må bore tusenvis av hull i betongtak på byggjeplassar rundt om.

– Det er ein jobb som er veldig tung å gjere manuelt og som vi vil ha slutt på. No blir jobben å trykke på start på ein iPad. Det går ikkje berre mykje raskare, men det sparar også helsa til arbeidarane, seier dagleg leiar Håvard Halvorsen.

Bles nytt liv i gamal teknologi

Trekløveret i nLink har stor tru på roboten

INNOVATIVT TREKLØVER: Håvard Halvorsen, Konrad Fagertun og Tomas Hennige i nLink er glade for å endeleg kunne sleppe boreroboten på marknaden.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Saman med Konrad Fagertun og Tomas Hennige utgjer han trekløveret i nLink som har utvikla roboten. Den er sett saman av ferdige komponentar, mellom anna ein drill, ein robotarm og ein industristøvsugar.

– Det vi har gjort er å blåse liv i teknologien. Ei robotarm er ikkje mykje verdt i seg sjølv. Vi har sett saman ei pakke med sensorar, kamera, laserar og så vidare. Så får vi programvara vår til å sy det heile saman, seier Konrad Fagertun.

I tillegg har dei utvikla ein eigen app, som skal gjere roboten lett å handtere.

– Det er viktig at du slepp å vere ingeniør for å bruke denne roboten. Ei god brukaroppleving er vel så viktig som teknologien bak, seier Fagertun.

Har utvikla eigen app til boreroboten

BORE-APP: Til å styre roboten har nLink utvikla ein eigen app til iPaden, saman med eit støyt- og vassikkert etui.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Den første modellen er no klar og selskapet bak trur potensialet er enormt, også internasjonalt. No blir jobben å overtyde byggjebransjen om det same.

– Vi trudde at den jobben kom til å bli tung, for det er tradisjonelt ein konservativ bransje. Men vår erfaring er at dei er over seg av begeistring, for vi løyser eit enormt problem i bransjen, seier dagleg leiar Håvard Halvorsen.

Han fortel at dei allereie har kalenderen fullteikna med møter framover.

Teikna første kontrakt med lokal elektrikar

Den første avtalen er allereie i boks. Holen installasjon i Sogndal blir dei første både til å ta teknologien i bruk og å selje tenesta vidare.

– Det er tungt å bora i tak, og ikkje er det særleg bra for helsa heller. Så for oss er dette kjempespanande, seier dagleg leiar Agnar Holen.

Agnar Holen trur boreroboten vil gjere jobben lettare

TEK ROBOTEN I BRUK: Holen installasjon i Sogndal, her ved dagleg leiar Agnar Holen, blir dei første til å prøve å selje boretenestene i marknaden.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Han er ikkje redd for at roboten no skal ta arbeidsplassane frå dei som i dag utfører jobben manuelt.

– Ein robot blir ikkje smartare enn han som opererer han. Det er framleis bruk for dyktige fagfolk som veit kvar dei skal bora, seier Holen.

Toppar lista over Campus-produkt

Fosshaugane Campus har etter kvart blitt kjent for sitt innovative gründermiljø, med verksemder som Rocketfarm, Falkeblikk, SGN skis og Furberg Snowboards.

Per Odd Grevsnes i Sogn Næring seier lanseringa i dag toppar lista over produkt som har kome ut av miljøet.

– Dette kjem høgst. Dette er heilt klart noko vi har stor tru på og som har veldig stort potensial, seier han.

Når det ferdige produktet no skal ut på marknaden, er det nye utfordringar som vil møte gjengen bak den banebrytande teknologien. Utan at næringssjefen trur det vil stoppe dei.

– Dette har kome så langt, at eg trur det blir vanskeleg å stoppe suksessen. Når det er sagt, så er det hardt arbeid som skal til før dette blir stor butikk, seier han.