Hopp til innhold

Her køyrer dei kolonne fram til påske

Frå og med måndag blir det køyrt kolonnekøyring på E16 gjennom Lærdalstunnelen kvart 15. minutt.

Kolonnekø på Håbakken, E16 Lærdalstunnelen

LITT MEIR TID: Skal ein gjennom Lærdalstunnelen den neste halvanna månaden, kan det vere greitt å rekne ekstra tid.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi har ikkje fått klager i løpet av mi vakt. Med fire kolonnar på ein time må dette vere framsteg. Til no mens ein har arbeidd i tunnelen har det vore avgang kvar halvtime, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Les også: Kolonnekøyring i heile Lærdalstunnelen

Koplar ut tryggleiksutstyret

Lærdalstunnelen

OMFATTANDE ARBEID: Natt og dag blir det jobba med å oppgradere verdas lengste bilvegtunnel til nye tryggleikskrav.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sidan i haust har det vore kolonnekøyring i deler av tunnelen, grunna arbeid. Måndag vart det innført kolonnekøyring gjennom heile den 24 kilometer lange europavegtunnelen. Arbeidet vil vare fram til påske.

– Viktige delar av tryggleiksutstyret vil mangle i den perioden dette arbeidet går føre seg. Difor blir det kolonnekøyring i heile tunnelen. Det gjeld heile døgnet og alle dagane i veka. Slik vil vi redusere risikoen for ulukker, seier byggeleiar Jens-Ivar Nilsen i Statens vegvesen.

Tunnelen som vart opna for trafikk av kong Harald i 2000 gjennomgår ei omfattande oppgradering. Mellom anna er alle naudskap byta ut, det skal monterast kameraovervaking, DAB+ og naudnett.

Kolonnekø på Håbakken, E16 Lærdalstunnelen

SJELDNARE OM NATTA: Følgebilane køyrer kolonne kvart kvarter på dag og kveldstid, kvar halvtime om natta.

Foto: Jan Christian Jerving

Slik køyrer kolonnen

Ifølgje Hille ved Vegtrafikksentralen ser det ut til at kolonnene greitt tek unna trafikken måndag kveld.

Mellom klokka 06.30 og 23.00 vil det bli fire kolonnar i timen med avgang frå kvar side; Kvar heile time, kvart over, kvar halve time og kvart på. Mellom 23.00 og 06.30 vil det vere kolonneavgangar frå kvar side kvar heile og kvar halve time.

Kolonnane vil halde ein fart på 70 kilometer i timen.