Hopp til innhold

Her kjem styggevêret fykande

Denne veka blir ein nedtur etter det fine vêret i helga.

Styggever

MYKJE NEDBØR OG MYKJE VIND: Det er den tunge beskjeden måndag føremiddag, og slik ser det ut klokka 11.

Foto: yr.no

– Grått og vått er stikkorda for denne veka. Til og med fredag blir det nedbør og vind, er den lite lystige beskjeden frå statsmeteorolog Berit Hagen.

– Nedbøren vil vare i dagevis

I natt har det vore stjerneklårt dei fleste stader i fylket. Statsmeteorologen seier at nokre stader i fylket fekk oppleve soloppgangen før det skyar til utover dagen.

Berit Hagen

STATSMETEOROLOG: Berit Hagen.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

– Det ligg eit skyområdet omtrent langs kysten, som gradvis trekker austover. Frå i kveld kjem det nedbør og det vil vare i mange dagar framover.

Og det vil berre auke på.

– Det ser spesielt ut som onsdag og torsdag blir nedbørrike, seier Hagen.

Mildare og mykje vind

Med det dårlege vêret kjem og vinden.

– Det er kanskje spesielt fjellområda som har hatt vinden fram til no, med søraustleg vind. Etter kvart dreiar vinden meir sørleg, og då er og kysten utsett, seier Hagen.

Spesielt folket langs kysten får kjenne på vinden.

– Det blir sørleg sterk kuling, opp til full storm ved Stad. Det blir gradvis litt svakare vind lenger sør, men framleis mykje vind på kysten.

I tillegg kjem temperaturane til å skuffe dei som driv skitrekka og dei som vil drive på i skitrekka.

– Det blir mildt utover veka, og kanskje regn opp til rundt 1000 meter, seier Hagen.