Hopp til innhold

Steinblokka knuste halve skjulet

Fylkesveg 698 var ein kort periode stengd mellom Lote og Tvinnereim på grunn av svært låg straumkabel over vegen.

Steinsprang knuste halve skjulet.

KNUST: Halve skjulet vart knust i steinspranget.

Foto: Kjetil Remme

Eit steinsprang knuste i morgontimane halvparten av eit skjul som står ved vegbana. Steinblokka gjorde også at ein straumkabelen hang lågt over vegbana.

Steinen skal ha halde fram ferda i fjorden, men vegen er no stengd ved Åsaskjeret på grunn av opprydding.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinsprang knuste halve skjulet.

KNUST: Halve skjulet vart knust i steinspranget.

Foto: Kjetil Remme

– Den heng kring tre meter over vegen. Vi er i gang med å rette opp att kabelen, men vi høyrer det rasar framleis oppe i fjellsida, fortalde Kjetil Remme ved Sogn og Fjordane Energiverk til NRK i 0930-tida.

Det var passasje for mindre køyrety, men vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser at det ikkje var passasje for større køyrety.