Hopp til innhold

Har tru på mange talent i fylket

Ronny Brede Aase frå P3-morgon skal leie Ungdommens kulturmønstring i Førde i helga. Det gler han seg stort til.

UKM Sogn og Fjordane 2013 søndag 1155

UKM Sogn og Fjordane 2013 søndag 1155

Over 300 ungdommar skal i helga både opptre og stille ut kunstverk under Ungdommens kulturmønstring (UKM) som arrangerast i Førdehuset.

  • FØLG UKM DIREKTE HER PÅ VÅRE NETTSIDER. PROGRAM FOR HELGA FINN DU NEDST PÅ SIDA. Sendinga på nett-tv er produsert av medialina ved Sogndal vidaregåande skule.

Ronny Brede Aase frå Førde, betre kjend som P3-Ronny, skal leie deltakarar og publikum gjennom dei fire framsyningane laurdag og søndag. Han er sikker på at ungdom i fylket har mykje godt å by på.

– Eg håpar at folk kjenner si besøkingstid og stiller opp og ser kva ungdom frå fylket har å vise fram. For det er erfaringsmessig mykje bra, seier Brede Aase.

Tek nye grep

Nytt av i år er at deltakarane ikkje skal opptre kommunevis, men at dei i staden vert spreidd utover helga. Ein av arrangørane, Johan Bengtson i Førdehuset, seier det vil gi ei betre oppleving.

– I staden for å ta kommune for kommune har vi sett saman framsyningane på ein optimal måte, slik at vi får gitt publikum ei så god oppleving som mogleg, seier Bengtson.

Det trur Brede Aase er ein god plan.

– Eg synest det er stas at vi miksar på kommunane, og lagar meir varierte framsyningar. Eg trur det vert veldig fint, og gler meg til å sjå kva det går i blant ungdommar i Sogn og Fjordane, seier han.

– Mange flinke ungdommar

Bengtson fortel at det meste av førebuingane er under kontroll, og no håpar han at mange tek turen innom Førdehuset i helga.

– Vi ønskjer alle velkomne til Storsalen. Vi har plass til mange folk, og vi har ein fin sal og mange flinke ungdommar, seier han.

Kunstutstillinga opnar klokka 11.00 laurdag. Framsyningane laurdag er klokka 13.00 og 19.00. Søndag er det framsyningar klokka 12.00 og 17.00. Arrangementet vert avslutta med ei markering av at Sogn og Fjordane fylke er 250 år. Det skjer i idrettshallen klokka 18.00.