Hopp til innhold

Her har ein ubeden gjest tatt seg til rette

Skadane i takkonstruksjonen på Ålhus kyrkje er så store at tårnet måtte demonterast. No ber kyrkjeverja om gode råd.

Ålhus kyrkje utan tårn

LITT REDUSERT: Ålhus kyrkje frå 1795 har sett betre dagar.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det er mange som har lurt på kva som skjer med Ålhus-kyrkja. Kort sagt så er det fordi vi har ein ubeden gjest. Gjesten har vore her i mange år, og nå prøver vi å ta tak i det igjen. Den ubedne gjesten er hakkespetten, fortel kyrkjeverje Per Christian Liseter.

10 cm store hôl

Kyrkjeverje Per Christian Liseter i Jølster

RÅDVILL: Kyrkjeverje Per Christian Liseter veit ikkje korleis han skal få bukt med hakkespetten sine herjingar.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Takka vere hakkespettar må kyrkja i Jølster gjennom store reparasjonar i sommar. Fuglane har gjort store skadar i både i taket på sjølve kyrkjeskipet, og på kyrkjetårnet.

– Det har vore hôl i taket. Hôl på som er inntil 10 cm store. Mange hôl. Stort sett på taket, og nokre i tårntaket. Dette har gått ut over dei berande konstruksjonane på taket, forklarer kyrkjeverja.

Toppen av tårnet på den kvitmåla kyrkja frå 1795 er raudt. Det kan ha verka tiltrekkande på hakkespetten.

Magne Myklebust, informasjonskonsulent i Norsk Ornitologisk forening stadfestar at det ofte er raudfarge på bygningar som opplever spetteskader, sjølv om dei ikkje veit kvifor.

Men det er ikkje berre å byte farge på tårnet. Kyrkja på Ålhus er saman med Olden kyrkje den einaste som er att i Sogn og Fjordane frå 1700-talet.

Ålhus kyrkje

FORBIPASSERANDE REAGERER: Mange har undra seg over kva som skjer med kyrkja, fortel kyrkjeverja i Jølster.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Kyrkja er verna – fuglen er freda

Samstundes er det heller ikkje fritt fram å kvitte seg med hakkespetten.

– Hakkespetten er freda og kyrkja er listeført, det vil seie ei form for verna. Vernestyresmakter på forskjellige plan ser litt med skylappar på sine felt. Då slit eg som kyrkjeverje med å få dette til å gå i hop, fortviler Liseter.

Viss nokon har gode tips om korleis ein kan halde hakkespetten borte, er vi takknemlege for det.

Per Christian Liseter, kyrkjeverje i Jølster
Ålhus kyrkje utan tårn

TAK OG TÅRN: Har store skader etter årelang hakking frå hakkespettar.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Ei kyrkje i Nordland som har hatt same problem, fekk i 2012 fellingsløyve på hakkespett. Liseter håpar ein kan unngå så drastiske steg i Jølster. Han ser i staden på andre løysingar.

– Dei er alt komne tilbake, så vi må vere raske. Vi har alt hengt opp ein liten blå hakkespett for å halde fuglane borte. Viss nokon har andre gode tips om korleis ein kan halde hakkespetten borte, er vi takknemlege for det, fortel kyrkjeverja.

Tårnet til Ålhus-kyrkje

BLIR REPARERT: Tårnet på Ålhus-kyrkja er løfta av for å få ei full restaurering.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det stemmer at dei som har prøvd å henge opp blått fargeband har fått forhindra ytterlegare skade, så det kan nok vere eit forsøk verdt. Og det har også fungert bra å sette opp eit fugleskremsel kombinert med rovfuglsiluettar på den veggen eller det taket som er skadd, seier Myklebust.