Hopp til innhold

Her er Norges minste samferdsle- og kommunikasjonsmuseum

På ferjekaia i Fjærland står no ein nymåla telefonkiosk ved sidan av bua til den gamle bomstasjonen. Til saman utgjer dei landets minste samferdsle- og kommunikasjonsmuseum.

Bomstasjonen og telefonkiosken i Fjærland

MINIMUSEUM: Den norske bokbyen i Fjærland meinte det var viktig å ta vare på både den gamle bomstasjonen og telefonkiosken for å syne fram gammal historie.

Foto: Eivind Ødegård

Då Telenor hadde lagd ned den gamle telefonkiosken som tidlegare stod i Mundal sentrum i Fjærland, hadde dei opphavleg planar om å destruere den. Men det ville ikkje Den norske bokbyen ha noko av.

Dei ville heller ha den til å utvide museet sitt, som no har gått frå å vere samferdslemuseum av liten karakter til å bli samferdsle- og kommunikasjonsmuseum, og det klarte dei.

Dagleg leiar i Den norske bokbyen, Eivind Ødegård, seier det heile tida var tanken å få til eit lite museum som skulle formidle viktig historikk innan samferdsle og kommunikasjon.

Sjeldne gjenstandar

– Ideen var at vi hadde to bygg som har betydd mykje for kommunikasjon og samferdsle, og det var bommen og telefonkiosken. Dei begynner å bli ganske sjeldne. Det er ikkje mange telefonkioskar att, og heller ikkje slike bombuer. Poenget var å gjere noko ut av dei i staden for å la dei forfalle, seier han.

For mange er det nok mykje nostalgi i ein telefonkiosk. Etter å ha blitt flikka på og måla i rett raudfarge frå gammalt av står telefonkiosken no godt plassert ved sidan bombua som museumsobjekt nummer to. Det var eit av dei viktigaste poenga for å flytte den til museet, men ikkje det einaste.

Telefonkiosk i Fjærland

NOSTALGI: Den norske bokbyen er skråsikre på at dette er Norges finaste telefonkiosk, men er opne for utfordringar.

Foto: Eivind Ødegård

– Dei er kule, det går ikkje an å seie noko anna. Dette er jo ein designer-telefonkiosk med ein heilt spesiell og attkjennande utforming, og ein heilt spesiell raudfarge som vi har klart å rekonstruere. Og så seier dei noko om korleis samfunnet var før i tida på sitt vesle vis, så det er ein god del historie i eit ganske lite format.

– Norges finaste telefonkiosk

Og Ødegård er sikker på at dette er Norges finaste telefonkiosk.

– Vi tek imot utfordringar. Om nokon har ein betre telefonkiosk må dei gjerne vise den fram, men inntil vidare så hevdar eg at dette er den finaste i landet.

Men tankane om å gjere det til eit museum kom før nokon av dei to objekta kom på plass på kaia.

– Det vart protestar då dei andre bombuene av same slag vart rivne. Folk såg at dei forsvann og vi prøvde å i alle fall ta vare på ei av dei, seier Ødegård.

Han meiner poenget med å ha bua som ein del av museet er å vise fram ei anna side av saken enn den som alle mislikte, nemleg det å betale mykje i bompengar.

– For utan den vesle bombua der som drog inn millionar på millionar med kroner, så hadde det aldri vore den type veg som vi har no i Fjærland og andre stader i landet.

Blir ikkje større - men betre

I år har det komme utstilling i bombua som viser korleis arbeidsplassen var for dei som jobba der. I tillegg har det blitt sett opp eit informasjonsskilt på utsida som viser kva slags bygg det er og kva det vart brukt til, for dei som ikkje veit det.

(Saka held fram under biletet)

Den gamle bomstasjonen i Fjærland er blitt museum

HISTORIE: Inne i den gamle bomstasjonen er det allereie på plass mykje som skal vise korleis dei som jobba der hadde det på arbeidsplassen sin. Planen er at endå meir historie skal inn i bygget etter kvart.

Foto: Eivind Ødegård

Ødegård seier dei ikkje har planar om å få på plass fleire bygg.

– Det vil verke mot si hensikt, for det er eit av landets minste museum i det heile, og i alle fall landets minste samferdsle- og kommunikasjonsmuseet så eg trur ikkje det vert større. Men det vert nok ein del meir å sjå inne i dei bygga som er der.

– Lettare å like telefonkiosken

– Inne blir det meir både tekst og bilete frå historia om vegutbygging på riksveg 5. Med telefonkiosken er vi faktisk litt avhengig av litt hjelp, så vi tek med takk imot gamle telefonkatalogar om nokon har det. Det er også mangelvare i dag.

Og sjølv om dei er små vekkjer dei likevel interesse og glede hos dei som står rundt.

– Det er berre smil og sjå. Folk likar tanken, spesielt det med telefonkiosken går heim hos dei aller fleste. For dei fleste har bra minne frå telefonkiosken. Når det gjeld bommen krev det at folk må tenke om bommen på ein annan måte, for dei aller fleste mislikar heile det konseptet der. Det er ikkje mange som med glede minnast å måtte betale 360 kroner for ein tur til Fjærland, men bommen har sine gode sider og vi vil gjerne vise dei også.