Hopp til innhold

Jakta gjev resultat: Her ligg den sjette jerven

Etter over ein time i lufta tidlegare i dag, fekk mannskapet frå Statens naturoppsyn (SNO) los på jerven. Inne i Utladalen i Årdal blei den sjette jerven felt denne våren.

Jerv i Utladalen

DOKUMENTERER: Nede på bakken etter at jerven er felt, dokumenterer mannskapet frå SNO det felte dyret.

Foto: Aleksander Øren Heen

Med på skadefellingsjakta var Senterpartiet sin ordførarkandidat i Årdal, Aleksander Øren Heen. Han tykte det var ei fascinerande naturoppleving.

– Eg fekk spørsmål om eg ville bli med, og det gjorde eg sjølvsagt. Eg er veldig jaktinteressert og oppteken av å få redusert rovdyrbestanden i Sogn, seier Øren Heen til NRK.

Fanga jerven med kamera

Medan folka frå SNO hadde med våpen, hadde han med kamera og fekk fanga jerven både på kort og langt hald.

– Eg synest dei verka veldig profesjonelle i måten dei handterer skadefellingar på, seier han etter at han er komen vel heim att til Vikadalen i Årdal.

Jerven har vorte eit stort problem for sauebøndene i Indre Sogn, og i fjor blei truleg hundrevis av sauer jervens rov.

Jerv i Utladalen

I FRI NATUR: Djupt inne i Utladalen i Årdal klarte mannskapet frå SNO å spore den hittil siste jerven som er teken ut.

Foto: Aleksander Øren Heen

Har teke ut mange

SNO har fått skadefellingsløyve på i alt 10 jervar no i vår, og så langt har dei teke ut seks av dyra. Aleksander Øren Heen er glad for at jakta har vore ein suksess så langt.

– Når ein har ein jervebestand i Sogn som er over det Stortinget har sagt, så må ein redusere problemet, meiner Sp-politikaren.

Tok ut ei tispe

Rein Arne Golf i SNO fortel at jerven som blei teken ut i dag blei spora innover i Utladalen, og at det var ei tispe. No har dei førebels avslutta jervejakta.

– Det er meldt dårleg vêr i morgon og det gjer det vanskeleg. Det var heilt marginalt no i dag også med tunge skyer og nedbør rundt oss, seier Golf.

Jerv i Utladalen

SJELDAN SYN: Dei store snømengdene i fjellet har gjort at jegerane frå SNO har kome lettare til i områda jervane har ferdast i.

Foto: Aleksander Øren Heen