Hopp til innhold

Her gjekk det gale for tivolibilen...

Omgjevnadene er det iallfall ingen som kan klage på. Men det var truleg ikkje på ei grøn eng føraren hadde tenkt å parkere for dagen.

Tivolibil i grøfta på E39 i Gloppen

HER ENDA TUREN: Medan bilen vart ståande på hjula, la hengaren seg over på sida etter utforkøyringa.

Foto: Jørgen Stensaker

Hengaren på ein tivolibil ligg nemleg godt planta i grøfta på E39 mellom Reed og Byrkjelo i Gloppen.

Uhellet skjedde i 17.30-tida måndag ettermiddag, men politiet har ikkje kjennskap til hendinga. Etter det NRK forstår skal det ikkje vere snakk om personskade.

Bilen står framleis på hjula, men den står slik til at ein må sikre denne før ein kan starte arbeidet med å få hengaren på vegen att.

E39 vil bli stengd på staden i samband med bilberginga. Dette vil skje i løpet av kvelden.

Vogntog i grøfta på E39

BILBERGING: E39 vil bli stengd på staden i samband med bilberginga.

Foto: Jørgen Stensaker