Hopp til innhold

Her blir problemsteinen sprengt i fillebitar

Ei ladning på 100 kilo dynamitt var det som skulle til for å få eliminert steinblokka som kunne ført til fatale følgjer ved ein ny flaum.

Flaumstore Flåmselvi i Aurland røska med seg ei stor steinblokk som kunne ført til katastrofale følgjer ved ein ny storflaum. I dag vart den sprengd.

SJÅ VIDEO: Trusselen frå den fleire titalstann tunge steinblokka vart effektivt eliminert med nær 100 kilo dynamitt. (FOTO: LARS TOKVAM)

Flåmselvi tok med seg steinblokka kring 50 meter under storflaumen i førre veke.

Blokka på ein titals kubikk stogga berre 30–40 meter frå opninga på ein vasstunnel.

Ordførar Noralv Distad

GLAD I: Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland seier det var naudsynt å få eliminert steinen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

– Hadde den kome inn i løpet med anna stein og materiale, så kunne den tetta løpet og ein kunne fått bygt opp mykje vatn bak jernbanefyllinga. Det kunne ført til ein heilt katastrofal situasjon, seier ein letta ordførar, Noralv Distad (H).

100 kilo dynamitt

Politiet, Norges Vassdrags- og Energidirektorat avgjorde saman med kommunen at steinblokka måtte fjernast.

Den store flaumen i førre veke gjorde tok med seg vegar, bruer og gjorde skade på 13 bustader. Seks av desse er heilt vekke, medan tre hus har store skadar i grunnmur. Torsdag var situasjonen framleis uavklara for fire hus.

Men skadane kunne blitt langt verre. For medan flaumen herja som verst, vart steinblokka sett i full flyt mot vasstunnelen. Med 100 kilo dynamitt eliminerte i dag entreprenørverksemda Melcon faren steinblokka utgjorde.

– Det var ein risiko for at den kunne tetta att vasstunnelen og skapt ein veldig farleg situasjon. Vi kan få nye flaumar og då må alle slike punkt fjernast, seier Distad.

Sprengt i småbitar

Brigt Samdal

GLAD II: Brigt Samdal, regionsjef i NVE, seier steinblokka på ein titalskubikk utgjorde ein reell fare.

Foto: pressefoto

Regionsjef i NVE, Brigt Samdal, deler gleda over at steinen no er borte.

I tillegg til at ein ny flaum kunne lagt steinblokka framfor vasstunnelen, seier Samdal at partiet framfor blokka var glatt slik at den også kunne sklidd ned utan ein flaum.

– Det vart bora hardt og ladd hardt. Det var naudsynt for at det ikkje skulle ligge att større steinar som kunne skapt problem ved seinare høve, seier regionsjefen.