Hopp til innhold

Her går heimehåpet på trynet i siste hekk

Det vart ein dramatisk 400-meter hekk på friidrettsstemnet i Florø i dag. Heimehåpet Øyvind Strømmen Kjerpeset gjekk i bakken på dramatisk vis då han snubla i siste hekk.

DRAMATISK: Øyvind Strømmen Kjerpeset fekk den verst tenkjelege starten på årets friidrettssesong. (Video: Arne Stubhaug/Stillfoto: Rune Fossum)

Kjerpeset fekk store delar av fjorårssesongen øydelagt av skader. Løpet i dag var ein sjanse til å bevise både overfor seg sjølv og heimepublikumet at han no er på rett veg. Det gjekk ikkje heilt som planlagt.

– Eg hadde i det minste håpa å fullføre, seier ein skuffa Kjerpeset rett etter løpet.

Første fall i karrieren

Frå han var ung har han fått prenta inn at det gjeld å halde seg på beina, nesten koste kva det koste vil. Men denne gongen hadde han ikkje sjanse.

Den talentfulle hekkeløparen seier fallet er det første i karrieren.

– Det har aldri skjedd før, ikkje på trening, og i alle fall ikkje i konkurranse. Men ein gong må vere den første, seier han.

Han kan trøyste seg med at det denne gongen i det minste ikkje var snakk om medaljar som gjekk tapt. Likevel svir skikkeleg det å mislukkast framfor sine eigne.

– Bortsett frå eit meisterskap, så er det å falle på heimebane, på debutløpet i sesongen, det verste som kunne skjedd.

Blei liggande etter fallet

UTSLÅTT: Kjerpeset vart liggande lenge etter fallet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Publikum frykta det verste

Etter fallet vart han liggande lenge med ansiktet vendt ned mot bakken. Publikum byrja etter kvart å uroa seg over om heimehåpet hadde skada seg skikkeleg.

Men Kjerpeset seier han berre trengde å summe seg etter det uventa møtet med tartandekket.

– Eg tenkte berre "wow, der skjedde det utenkjelege", seier han.

Etter den mislukka sesongstarten handlar det om å omstille seg. For konkurransane ventar i tur og orden. Kjerpeset håpar at fallet ikkje får konsekvensar for komande uttak.

Men allereie seinare på dagen får han ein sjanse til å revansjere seg på 200-meter.

– Eg har veldig lyst til å avslutte dagen med ei gyldig tid, i det minste. Eg falt akkurat då mjølkesyra byrja å kome, så eg var eigentleg ikkje sliten etter løpet. Det er kjempeforhold på 200-meter i dag, så plutseleg blir det ein god dag likevel, seier han.