Hopp til innhold

Her går draumen i oppfylling med familien som heiagjeng

LILLEHAMMER (NRK): Gjøran Tefre fekk det tøft i møte med verdas beste skiløparar. Debuten var likevel ein stor augneblink både for han sjølv og familien.

Gjøran Tefre frå Førde vart nummer førtini i verdscupdebuten i skiathlon på Lillehammer i dag. Han var 5 minutt og 37 sekund bak den suverene vinnaren Martin Johnsrud Sundby.

UTE I LØYPA: Familien heiar fram Gjøran Tefre under debuten i verdscupen på Lillehammer.

– Eg blir nesten litt rørt når eg tenkjer over det. Det var mange som ropte namnet mitt ute i løypa, og det set eg stor pris på, seier Gjøran Tefre.

Han har akkurat komme i mål og fått på seg tørre klede etter debuten i verdscupen.

Der kom han så vidt blant dei 50 beste. Det enda med ein 49.-plass – om lag fem og eit halvt minutt bak suverene Martin Johnsrud Sundby på fellesstart med skibyte.

Debuten var ein bonus – hadde ikkje trudd på deltaking

Men denne gongen betydde plasseringa ingenting. Gjøran Tefre er den første frå Sogn og Fjordane i verdscupsirkuset sidan Odd-Bjørn Hjelmeset og Roger Aa Djupvik herja i verdseliten. Og for 21-åringen har verdscupen lenge vore eit delmål på vegen mot noko større.

Etter rennet var han derfor eit stort glis.

– Det var utruleg moro. Sjølvsagt var det blytungt, men alt i alt er eg skikkeleg stolt av at eg klarte å kvalifisere meg til dette, seier han.

– No har eg debutert. Eg er i gang. Og dette var eigentleg eit bonusrenn for meg – eg hadde ikkje trudd eg skulle få gå her, seier Tefre.

Gjøran Tefre på veg mot mål i verdscupdebuten

MOT MÅL: Gjøran Tefre på veg mot mål etter 30 kilometer på Birkebeineren skistadion.

Foto: Rune Fossum / NRK

Hektisk og spent familie ute i løypa

Ein liten delegasjon hadde teke vegen frå Førde for å heie fram debutanten. I spissen var familien, som heia fram Tefre kvar gong han passerte ute i løypa.

– Det er fantastisk som mamma å få oppleve dette. Det er vel slik for alle mødrer – det er kjekt å sjå at ungane får til det dei ønskjer, seier Berit Tefre.

Ho hadde sin fulle hyre med å fotografere sonen, samstundes som ho prøvde å heie og halde kontroll på korleis det gjekk undervegs. Småbrørne Andreas (11) og Thomas (11) sprang ivrig fram og tilbake mellom passeringsstadane i løypa.

Det er ikkje kvar dag storebror måler krefter med Martin Johnsrud Sundby, Petter Northug og Dario Cologna!

– Det er veldig kjekt, seier Andreas Tefre og kikkar bort på pappa.

Som på si side speidar etter sonen i ein motbakke.

– Det er nesten litt uverkeleg å stå her og heie han fram i eit verdscuprenn. Det er moro at han får vere med. Han sette jo opp dette som eit delmål allereie då han var 15 år, seier pappa Einar Tefre.

Familien ute i løypa under Gjøran Tefre sin verdscupdebut

FAMILIE OG HEIAGJENG: Brørne Stian (23), Andreas (11) og Thomas (11) og mamma Berit og pappa Einar var spent heiagjeng medan Gjøran Tefre debuterte i verdscupen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er den store draumen som går i oppfylling

Førde-løparen hang greitt med på klassiskdelen av jaktstarten i eit par rundar. Så fekk han merke tempoet til verdas beste løparar. Då var det godt å høyre kjende stemmer ute i løypa.

For langrennsløparen betyr familien alt.

– Utan dei hadde eg aldri gått på ski og fått oppleve det eg gjer no. Dei har lagt til rette for at kan realisere draumen min. Og for meg er det den store draumen som no går i oppfylling, seier han.

– Men eg skal gå fleire slike løp. Eg skal bli betre og nærme meg dei beste, seier Tefre.

– Må ikkje vere nøgd med berre å vere med

Tefre er førebels berre andreårssenior, og har såleis god tid på seg. Det veit Odd-Bjørn Hjelmeset alt om. Glopparen debuterte sjølv som 21-åringen, og han heldt på med langrenn i verdstoppen til langt opp i vaksen alder.

Han følgjer framleis idretten tett.

– Det er kjempemoro at det kjem nye toppløparar frå Sogn og Fjordane. Eg håpar verkeleg han får det til, seier Hjelmeset.

– No må han ikkje vere nøgd med berre å vere med her. Det er viktig at det blir naturleg for han å gå verdscuprenn, seier han.

Gjøran Tefre var sliten etter målgang i debuten

SLITEN: Gjøran Tefre var heilt i kjellaren då han gjekk i mål.

Foto: Rune Fossum / NRK

Både løpar og familie var utlada

Den tidlegare toppløparen meiner Tefre har det som skal til. For sunnfjordingen er kjent for å ha ein stor motor, men Hjelmeset meiner han må jobbe med tekniske småting.

Og allereie i februar kjem det nye sjansar. Då kjem verdscupen til Drammen og Holmenkollen. Då er distansane også betre for Tefre – som er best på 15 kilometer fri teknikk og skøytesprint.

– No er eg iallfall på skothald. Og det gjekk ikkje så verst i dag. Men det vart litt stor avstand til dei beste på klassiskdelen. Og mot slutten av skøytedelen vart eg veldig sliten. Nesten så eg ikkje visste kor eg var, seier Tefre sjølv.

Han måtte over ende etter målpassering, og måtte ha litt tid for seg sjølv for å samle seg. Men det var ikkje berre løparen sjølv som vart sliten etter debuten.

– Vi er vel nesten like utmatta vi. Dette tok på, ler pappa Einar Tefre.

Kameratar med plakat for Gjøran Tefre

PLAKAT: Ein kameratgjeng hadde teke turen for å heie fram Førde-løparen.

Foto: Rune Fossum / NRK