Hopp til innhold

Her får du tips til eit herremåltid i det fri

– Kom deg ut i naturen, ta med kaffikjelen og steikepanna og lag eit herremåltid. Det er oppfordringa frå NRK-kokk Steinar Lindstrøm. I dag lagar han mat i det fri.

Her kan du få tips til eit herremåltid i det fri.

NATURLEG MAT: Steinar Lindstrøm skal ha ekte smør i panna når han steiker fisken, ikkje noko "juks" som han seier.

NRK-kokk Steinar Lindstrøm og Gro Ravnestad starta den nydelege haustdagen med å trekke garn i eit av dei fine fjellvatna i Sunnfjord. Moltene lyste frå myrane og baud seg fram til ein himmelsk dessert. Eit herremåltid var i vente.

Steinar brukar Espelid-metoden

– Mat smakar aller best ute. Steik fisken når du er ute eller med det same du kjem heim, uansett tid på døgnet, meiner Steinar Lindstrøm. Du skal nyte smaken med ein gong, for det er då sansane sit att i hovudet, og det er det vi gjer no.

Lindstrøm blandar saman like deler kveitemjøl, rug og grovt mjøl og fyller det opp i ein pose i lag med salt og pepar. Han kallar det Espelid-metoden. Fisken blir blanda med mjølet og buken fylt med frisk eine. Den krøllar seg i steikepanna i ei blanding av meierismør og olje.

Fisk skal serverast utan for mykje fiksfakseri når ein er ute i naturen. Poteter kan vi ete når vi kjem heim, seier Lindstrøm. Han snur fisken to gongar slik at han er sikker på at den er steikt.

Steinar Lindstrøm

FERSK FISK: NRK-kokk Steinar Lindstrøm hadde fiskelykka med seg.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Ein smak av barndommen

Moltene lyser frå myrane, og i sekken ligg det sukker og ein boks med rømme. For mange er bær med sukker ein smak av barndommen.

– Eg vaks opp med molter med sukker og fløyte, enkelt og veldig godt fortel Lindtrøm. I dag er det rømme som skal få slå følgje med dei nyplukka bæra, søtt og syre er ein god kombinasjon. Lysegule bær i rause skåler er den perfekte avslutninga på eit måltid ein septemberdag.

Kaffien kokar og er klar til servering. Sauebjøllene lagar ein vakker klang mellom fjella og elva renn roleg ut i det fine fiskevatnet.

Slike dagar må ein berre nyte, dette er helse på blå resept, seier Steinar Lindstrøm.

Molte

ETTERTRAKTA BÆR: Moltene lyser frå myrane. Mange held det hemmeleg kvar dei finn bæra.

Foto: Gro Ravnestad / NRK